Inaktiv
Rådgjevar
NAV Bømlo
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
NAV Bømlo består av 35 engasjere medarbeidarar. Gjennom vår innsats får fleire moglegheit til å vere i arbeid og delta aktivt i samfunnet. Har du gode kommunikasjonsevner og er ein relasjons- og nettverksbyggar? Då kan du vere den me leitar etter!
Frå 1. desember 2023 til 31. august 2024 har me ledig eit vikariat som rådgjevar i NAV Bømlo. Det kan og bli moglegheit for forlenging av vikariatet. Rolla som rådgjevar er variert og inneber både oppfølging og rettleiing av innbyggjarar som står utanfor arbeidslivet, samt sakshandsaming knytt til arbeidsavklaring.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsretta oppfølging og rettleiing av personar med nedsett arbeidsevne
- Kartlegge og avklare kompetanse, ressursar og moglegheiter for arbeid
- Jobbe i tett samarbeid med mellom anna helsetenesta, tiltaksleverandørar og arbeidsgjevarar
- Sikre at dei som treng det får eit koordinert og samanhengande tenestetilbod frå NAV
- Dokumentere i saksbehandlingssystem
- Endring i oppgåver og ansvar må påreknast då me er i stadig utvikling
Kvalifikasjonar
Du må ha:- utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Aktuelle utdanningar kan til dømes vere innan helse– og sosialfag, samfunnsfag eller pedagogikk. Relevant erfaring kan kompensera for kravet til utdanning
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- erfaring/kompetanse innan rettleiing eller oppfølging
Personlege eigenskapar
- Kunne jobbe målretta, nøyaktig og effektivt
- Vere sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidsdag
- Ha gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit, inspirere og motivere
- Vere god på å kommunisere med menneske i ulike situasjonar
Me tilbyr
- Spennande og meiningsfylte oppgåver på viktige samfunnsområde
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit godt arbeidsmiljø
- Statleg tilsetting i mellombels stilling som rådgjevar (stillingskode 1434)
- Lønnsspenn i stillinga er frå kr 557 100 til kr 594 500,- (lønnstrinn 57 - 61). For særleg kvalifisere søkjarar kan høgare løn verte vurdert.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Vibeke Engevik, Avdelingsleiar, 92665899, vibeke.lie.engevik@nav.noElisabeth Haugen, Leiar, 91125279, elisabeth.haugen@nav.no
Arbeidsstad
Kulturhusvegen 195430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4712811733
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2023
Sluttdato: 31.08.2024
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321503787
- Sist endret