Inaktiv
Rådgjevar
NAV Bømlo
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
NAV Bømlo består av 35 engasjere medarbeidarar. Gjennom vår innsats får fleire moglegheit til å vere i arbeid og delta aktivt i samfunnet. Har du gode kommunikasjonsevner og er ein relasjons- og nettverksbyggar? Då kan du vere den me leitar etter!
Frå 1. januar 2024 har me ledig ei fast stilling som rådgjevar i NAV Bømlo. Rolla som rådgjevar er variert og inneber både oppfølging og rettleiing av innbyggjarar som står utanfor arbeidslivet, samt sakshandsaming knytt til arbeidsavklaring.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsretta oppfølging og rettleiing av personar med nedsett arbeidsevne
- Kartlegge og avklare kompetanse, ressursar og moglegheiter for arbeid
- Jobbe i tett samarbeid med mellom anna helsetenesta, tiltaksleverandørar og arbeidsgjevarar
- Sikre at dei som treng det får eit koordinert og samanhengande tenestetilbod frå NAV
- Dokumentere i saksbehandlingssystem
- Endring i oppgåver og ansvar må påreknast då me er i stadig utvikling
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Aktuelle utdanningar kan til dømes vere innan helse– og sosialfag, samfunnsfag eller pedagogikk. Relevant erfaring kan kompensera for kravet til utdanning
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ønskeleg med:
- erfaring/kompetanse innan rettleiing eller oppfølging
Personlige eigenskapar
- Kunne jobbe målretta, nøyaktig og effektivt
- Vere sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidsdag
- Ha gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit, inspirere og motivere
- Vere god på å kommunisere med menneske i ulike situasjonar
Me tilbyr
- Spennande og meiningsfylte oppgåver på viktige samfunnsområde
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit godt arbeidsmiljø
- Fast stilling med statleg tilsetting som rådgjevar (stillingskode 1434)
- Lønnsspenn i stillinga er frå kr 557 100 til kr 594 500,- (lønnstrinn 57 - 61). For særleg kvalifisere søkjarar kan høgare løn verte vurdert.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Vibeke Engevik, Avdelingsleiar, 92665899, vibeke.lie.engevik@nav.noElisabeth Haugen, Leiar, +4791125279, elisabeth.haugen@nav.no
Arbeidsstad
Kulturhusvegen 195430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4712753084
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321503782
- Sist endret