Sjukepleiar med/utan vidareutdanning innan psykiatri eller geriatri
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vår nye kollega ved Alderspsykiatrisk poliklinikk?
Ynskjer du å vere med å utvikle fagfeltet alderspsykiatri saman med oss?
Vi har no ledig fast stilling ved poliklinikken ved Alderspsykiatrisk seksjon for spesialsjukepleiar, dagarbeidstid - p.t med arbeid i døgnpost kvar 3.helg.
Alderspsykiatrisk seksjon består av ein døgnpost og ein poliklinikk. Vi utgreier og behandlar pasientar der målgruppene er:
- Personar med alvorleg psykisk sjukdom med debut etter fylte 65 år.
- Personar med demenssjukdom og med alvorlege nevropsykiatriske symptom (NPS), der alder er av mindre relevans.
- Personar med alvorleg psykisk sjukdom frå før fylte 65 år, der somatisk sjukdom eller andre aldersrelaterte årsakar gjer alderspsykiatri tenleg.
Det er godt samarbeid mellom poliklinikk og døgnpost ved seksjonen, òg med instansar i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta.
Ved interne omrokkeringar og endringar kan andre stillingsbrøkar verte ledige. Startdato kan avtalast.
Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan óg oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Utføre alderspsykiatriske vurderingar i tverrfagleg team
- Utgreiing og behandling av pasientar
- Tverrfagleg samarbeid internt og med våre samarbeidspartnarar i kommunane samt
spesialisthelsetenesta - Ansvar for organisering, koordinering og gjennomføring av ambulant aktivitet, mellom anna faste
virkedagar/ reisedagar i kommunane i tett dialog med kommunale koordinatorar/ samarbeidspartnarar - Samarbeid med pårørande
- Undervisning og rettleiing internt og i kommunane
- Fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid
- Arbeid i sengepost kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- SJukepleiar med vidareutdanning innan geriatri eller psykatri kan bil prioritert
- Sjukepleiarar utan etterspurt vidarautdanning kan også vurderast
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring
- Førarkort klasse B
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjement
- Tryggheit - både personleg og fagleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Stor arbeidskapasitet
- Sjølvstendig, ansvarsfull, tar initiativ, er strukturert og løysingsorientert
- Er med på å skape eit godt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, 70167400, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.noAnne Starheim, Teamkoordinator/Fagkonsulent, 70167400, Anne.Starheim@helse-mr.no
Arbeidssted
Ålesund sykehus6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4704945786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321488041
- Sist endret