Tilkallingsvikar i barnehage
Aurland kommune
- Ansettelsesform Vikariat
Vi treng tillkallingsvikarar til begge barnehagane våre. Er du student/skuleelev eller ynskjer å jobbe litt meir enn det vanlege arbeidet ditt, og er glad i små barn? Då håpar vi at du vil sende inn søknad. Det er fint om du skriv kva barnehage du ynskjer å jobbe i.
Aurland barnehage sto ferdigstilt i mars 2022, og er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær til bibliotek, grunnskule, fleirbrukshall og supre turområde. Der er fire avdelingar med 18 tilsette og 51 barn. Flåm barnehage ligg fint til på Lunden, med gode moglegheiter til å bruke naturen omkring. Der er to avdelingar med ni tilsette og 27 barn.
Arbeidsoppgåver
- vere til stades for borna
- vere engasjert i borna sin leik inne og ute
- passe på så ingen fell utafor leiken
- sette deg godt inn i alle rutinar
- andre praktiske oppgåver
- ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
Bilettekst:
Barnehageborn, elevar ved skulane og musikk- og kulturskulen spela, song og dansa BliMedansen for kronprinsen, då han besøkte Aurland 26.09.23.
Me tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Individuell oppfølging
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter tariff
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen (etter kl. 20.00)
- Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid med born er ein fordel.
- Du må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre.
Personlege eigenskapar
Du må være ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig at vi er i barnehagen for borna si skuld, men også har evne til å samarbeide med kollegaer.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ved tilsetjing må det leggast fram politiattest.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321488018
- Sist endret