Helsesekretær/sekretær
Serviceseksjon Lærdal, Helse Førde
- Frist 11.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Serviceseksjonen i Lærdal har ledig 100% fast stilling som helsesekretær/sekretær frå 01.12.2023.
Serviceseksjonen i Lærdal har 9 stillingar som utfører arbeidsoppgåver som innkalling og telefoni for medisinsk, ortopedisk, radiologisk og øyre-nase-hals poliklinikk, samt betjene resepsjon og sentralbord for Lærdal sjukehus.
Dersom intern søkjar vert tilsett, vert det mogeleg med vikariat i deltidsstilling. Opplys i søknaden om du interessert i begge alternativ.
Arbeidsoppgåver
- Inn og utgåande telefonar
- Innkalling av pasienter til poliklinikk
- Journalskriving
- Førefallande kontorarbeid
Kvalifikasjonar
- Helsesekretærutdanning er ønskjeleg, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Relevant kompetanse og erfaring i bruk av IT og nettbaserte system
- Fordel med erfaring frå pasientdatasystem Dips/Sectra
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner
- Vere sjølvstendig, men også kunne jobbe i team
- Ansvarsbevisst
- Vere med å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Opptre respektfullt
Vi tilbyr
- Løn etter regulativ
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
- Relevant opplæring
Mangfaldserklæring
Helse Førde HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Førde HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristina Ødegård, Seksjonsleiar , (+47) 906 86 438Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4713522926
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2023
Søknadsfrist: 11.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321470134
- Sist endret