Ålesund vgs - inntil 50% vikariat i historie og samfunnskunnskap
Møre og Romsdal fylkeskommune - Ålesund Videregående Skole
- Frist 8.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søker etter
Vi søker etter vikar i historie og samfunnskunnskap til og med 22.06.2024.
Om stillinga
Vi har behov for vikar i historie og samfunnskunnskap i inntil 50% stilling.
I kombinasjon med norsk eller andre fag det oppstår behov i, kan det vere stillingsprosenten blir høgare.
Krav til kompetanse
Vi krev minimum 60 studiepoeng i relevante fag og PPU eller annan godkjent pedagogisk kompetanse. Relevant yrkeserfaring er ein fordel.
Dersom søkaren har undervisningskompetanse i andre fag skolen har bruk for, vil fagkombinasjonen vere avgjerande for kven som får tilbod om stillinga.
Vi søker deg som
er allsidig og nyskjerrig, med interesse for pedagogikk, historie og samfunnsfag. Du ønskjer å bidra med din kunnskap og erfaring for at elevane skal lære og skolen skal utvikle seg.
Det er ein føresetnad at du har evne til å jobbe sjølvstendig og i team, er ansvarleg og fleksibel.
Vi tilbyr
- gode fagmiljø med eleven og eleven si læring i sentrum
- eit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandre
- eit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deg
- gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovar og avtaleverk
Om skolen
Ålesund vgs er den største vidaregåande skolen i Møre og Romsdal med rundt 1500 elevar, 250 tilsette, og eit stort mangfald av studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skolen er lokalisert sentrumsnært i "jugendbyen" Ålesund, med lokalitetar i Fagerlia, på Volsdalsberga og på Latinskolen (Aspøya).
Vi har desse tilboda: Helse- og oppvekstfag, Idrettsfag; Informasjonsteknologi og medieproduksjon; Kunst, design og arkitektur; Musikk, dans og drama; Naturbruk; Sal, service og reiseliv; Studiespesialisering (med internasjonal, forskar, toppidrett og ordinær); Teknologi- og industrifag; samt Påbygg til generell studiekompetanse og Individuell tilrettelagd opplæring (ITO).
Sjå meir informasjon på www.alesund.vgs.no.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Søknadsfrist 08.10.2023 Utlyst dato 27.09.2023 Vårref6144
Kontaktperson
Sonja Gangstad, Kons. Ass. rektor, tlf: +4771281550, mobil: 97962029, sonja.gangstad@mrfylke.no
Are Lund, Avdelingsleder, tlf: +4771282697, mobil: 93032374, are.lund@mrfylke.no
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321469799
- Sist endret