Inaktiv
Avdelingssjukepleiar
Gulen kommune
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingssjukepleiar ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (SoneBBD), frå snarast. Stillinga er for tida knytt til turnus på Byrknes, men ved behov vil ein nytte ressursar i heile eininga. I stillinga er det både administrative oppgåver og oppgåver knytt til pleie og stell av pasientar. Turnus, med arbeid 3. kvar helg.
Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus, samt bonus på 100 000,- ved bindingstid i to år. Bonus vert utbetalt anten som eingongssum, eller ratevis gjennom dei to fyrste åra - etter avtale. Vi har også innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar
- Oppgåver som er lagt til avdelingssjukepleiar som t.d medarbeidarsamtalar, ulike kartleggingar, medverke til utarbeiding av rutiner, vere pådrivar for fagleg utvikling i avdelinga osb.
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn over tariff (leiarløn kap.4), ekstra helgetillegg, samt nyrekrutteringsbonus på 100 000,- ved binding i to år
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321458969
- Sist endret