Førstekonsulent kontrollinje pass og ID-kort
MOLDE - Seksjon for forvaltning og sivil rettspleie, Møre og Romsdal politidi...
- Frist 11.10.2023
Møre og Romsdal Politidistrikt har ledig fast stilling som saksbehandlar innanfor kontrollinje pass og ID-kort ved driftseining Nordmøre og Romsdal. Stillinga er for tida underlagt Molde politistasjonsdistrikt, seksjon for forvaltning og sivil rettspleie, med oppmøtestad ved Molde politistasjon.
Vi søkjer deg som er serviceinnstilt og løysingsorientert med god munnleg framstillingsevne både innan norsk og engelsk. Du har gode IT-kunnskapar og trivast med å samarbeide med andre i ein hektisk og varierande kvardag. Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. I vår vurdering av kandidatane vil vi også vektlegge desse verdiane.
Dine hovudoppgåver som saksbehandlar kontrollinje vil vere rettleiing av publikum og mottak av søknad om pass/ID-kort, kontrollere identitet og sikre korrekt opptak av biometriske data.
Driftseininga Nordmøre og Romsdal består totalt sett av Kristiansund politistasjonsdistrikt, Smøla og Aure politistasjonsdistrikt, Surnadal politistasjonsdistrikt, lndre Nordmøre politistasjonsdistrikt, Vestnes og Rauma politistasjonsdistrikt, Molde politistasjonsdistrikt og Hustadvika politistasjonsdistrikt.
Jobb hos Namsmannnen i Molde krev at du er økonomisk vederheftig. Om du vert innkalla til intervju må du ta med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar. Dette kan ein hente ut gratis frå til dømes MinExperian eller Bisnode på nett. Kandidaten sjølv sladdar likningsopplysningar på utskrifta.
Arbeidsoppgåver
- Betjening av publikumsekspedisjonen ved Molde politistasjon
- Mottak av og registrering av søknad om pass/nasjonalt ID-kort, herunder dokumentkontroll og ID-kontroll
- Oversending av saker til vedtakslinje ved behov ID-kontroll ved utlevering av pass/nasjonalt ID- kort
- Rettleie publikum anten ved oppmøte eller telefon
- Dagsoppgjer/kasseoppgjer
- Legge til rette for mottak og oppbevaring av innleverte forvaltningsvåpen
- Fokus på førebygging gjennom forvaltning
- Halde seg oppdatert på gjeldande lover, forskrifter og rundskriv innan eige fagområde
- Stevnevitne
- Andre oppgåver som ligg til eininga kan bli pålagt av seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
Nødvendige
- Relevant høgare utdanning, for eksempel innan forvaltningsrett eller offentleg styring m.m.
- Relevant erfaring kan kompensera for kravet om utdanning
- Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Minimum innan norsk og engelsk
- Generelt god forståing for bruk av IT-system og tilegning av stadig nye system
- Økonomisk vederheftigheit
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i samband med skikkaheitsvurdering.
Ønska
- Erfaring frå offentleg forvaltning og saksbehandling
- Kjennskap til forvaltningsrett
- Juridisk kompetanse
- Erfaring frå publikum-/kundebehandling
- Ytterlegare språkkompetanse
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Serviceinnstilt og løysingsorientert i tidvis hektiske og hendingsstyrte omgjevnadar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
- Forståing av og identifisere seg med politiet sitt samfunnsoppdrag
- Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
- Fast stilling som førstekonsulent (SKO 1408) i Møre og Romsdal politidistrikt
- Førstekonsulent - lønnast i dag med ei brutto årsløn frå og med kr. 480 000,-
- Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Hilde Therese Halås Hasseløsæther, Seksjonsleiar, 71192063Arbeidssted
Strandgata 26415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4707367397
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 11.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321444680
- Sist endret