Vernepleiar/sjukepleiar - 100 % fast - Avlastningsbustader
Alver kommune
- Frist 12.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Kvasten avlastningsbustad i Alver kommune har ledig ei 100% stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Stillinga inneber todelt turnus med tidleg og seinvakter, og arbeid kvar 3. helg. Med todelt turnus får du fleksibiliteten til å balansere arbeid og fritid.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane etter vedtak
- Sikre at brukarar får eit trygt og fagleg forsvarleg avlastningsopphald
- Gje rettleiing til kollegaer ved behov
- Primærkontaktoppgåver
- Sikre god og forsvarleg medikamenthandtering
- Delta på og bidra fagleg på samarbeids- og personalmøter
- Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
- Sikre gode overlappingsrutiner
Om Kvasten avlastningsbustad
Avdelinga består av 4 ulike avlastningsbustader og aktivitetsbasert avlastning. I tillegg til dette gjev vi bistand på natt i ein privat heim og har ansvar for privat avlastning.
I Kvasten avlastningsbustad legg vi vekt på at borna/ungdomane skal ha det så trygt som mogleg, der dei kan få gode opplevingar og oppleve meistring. Vi er og oppteken av tverrfagleg samarbeid og har tilsette med ulike utdanningar og erfaringar. Vi treng å styrke den medisinske biten og ønskjer difor ein sjuke- eller vernepleiar som er god på å følgje opp og ta ansvar for medikamenthåndteringa.
Vi håpar at du vil vera med på å gjere avlastningsopphaldet trygt og godt for mottakarane av tenestene våre.
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjend vernepleiar eler sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Ønska kompetanse
- Kjennskap til epilepsi
- Kjennskap til emosjonsfokusert ferdigheitstrening
- Erfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne er ønskjeleg
- Kjennskap til lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
- Gode digitale kunnskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Kven er du?
Det er viktig at du er engasjert og trivast i arbeid med born og unge. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og fleksibel, og du har det som trengs for etablere og utvikle gode relasjonar til tenestemottakarane, pårørande og kolleger. Du er er ein tydeleg og trygg vaksen, og har evne til å takle andre personar sine utfordringar. Du kan og evne å møte personar i sårbare situasjonar på ein god måte med tryggleik og respekt. Dine samarbeidsevner er gode og du kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
Meiningsfulle oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
Gode rutinar og prosedyrar
Løn etter tariffavtale
Pensjonsordning via KLP
Sjå videoen og bli kjent med Alver kommune!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321359742
- Sist endret