Politiførstebetjent Fagleiar SO
Voss politistasjonsdistrikt, Vest politidistrikt
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
I Vest politidistrikt for tida ved Driftseining Hordaland, er det ledig ei fast stilling som politifyrstebetjent stillingskode 0285 med funksjon som fagleiar SO (seksuelle overgrep) i Voss politistasjonsdistrikt. Stillinga er stadsplassert på Voss politistasjon.
Voss politistasjonsdistrikt består av Eidfjord kommune, Ulvik Herad, Voss Herad, Vaksdal kommune og Osterøy kommune. Det er i underkant av 30.000 innbyggjarar i politistasjonsdistriktet. I Voss politistasjonsdistrikt er det 32 tilsette. På arbeidsplassen kan vi tilby varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Overordna fagleg ansvar for å kvalitetssikre straffesaker innan SO i eigen tenesteeining. Mål og resultatansvar i samråd med straffesaksansvarleg i Voss politistasjonsdistrikt og straffesaksansvarleg i GDE Hordaland
- Vere ein ressurs på fagfeltet, og hjelpe andre tenesteeiningar i GDE Hordaland ved behov
- Sikre effektiv oppgåveløysning med høg kvalitet innan straffesaksarbeidet i tråd med gjeldande lovverk, reglar og instruksverk
- Ha ansvar for å sjå til nødvendig rettleiing og oppfylging av etterforskarar i tillegg til å etterforske sjølv
- Leggje til rette for PPS (politiarbeid på staden), og følgje opp tilbakemeldingsmøter
- Medansvar for innstilling av medarbeidarar til kurs/studiar innan fagfeltet etterforsking
- Bidra til kultur for openheit gjennom god etterforskingsleiing og aktivt medarbeidarskap
- Sørga for god kommunikasjon internt og eksternt
- Aktiv deltaking i å skape eit godt arbeidsmiljø
- Møteleiar OÅO
- Vakt og beredskap ved behov
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskulen
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan relevant fagfelt i minimum 3 år.
- Kunnskap og erfaring frå avhøyrsmetoden KREATIV
- God kjennskap og bruk av Indicia
- Gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg
- IP4-godkjent, eller kvalifisert og villig til å bli IP4-godkjend
- Erfaring i bruk av politiets IKT verktøy og evne til å kunne ta i bruk nye metoder innan etterforsking og etterretning
- Erfaring med etterforsking av seksuelle overgrep og tilrettelagde avhøyr blir vektlagt
- Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefylje blir vektlagt
- Vidareutdanning innan etterforsking blir vektlagt
- Vidareutdanning innan etterforskingsleiing blir vektlagt
- Erfaring i å handtere media er ein fordel
- Gode engelsk- eller andre språkkunnskaper er ein fordel
- Kunnskap om politiets planleggings,- og styringsverktøy er ein fordel
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar med evne til å motivere medarbeidarane, setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder, ha god gjennomføringsevne og ha mot til å stå for eigne og overordna avgjerder
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og vere ein god relasjonsbygger internt og eksternt
- Vere åpen for innovasjon og ta i bruk nye etterforskingsmetodar
- Vere ei pådriver og nytenkande for forbetring innan innovasjon, utvikling, digitalisering og effektivisering
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som politiførstebetjent med funksjon som fagleiar SO stillingskode 0285, frå 630.000, til 700.000,- brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre
oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Les mer på https://arbeidsgiver.difi .no/positivsaerbehandling
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi mgjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Ref.nr: 23/179036
Kontaktinformasjon
Ivar Sindre Hellene, Tenesteiningsleiar, 56528703Spørsmål om CV og søknad, Kontakt Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4697617719
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321355626
- Sist endret