Sjukepleiar 80 % fast stilling
Sulatunet, Sula kommune
- Frist 11.10.2023
Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Vi har ledig stilling ved langtidsavdelinga
Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker der kommunen sine øvrige pleie- og omsorgstenester ikkje kan gi tilstrekkeleg hjelp i eigen heim. Avdelinga har 28 bebuarar, fordelt på 2 etg. Avdelinga har fellesareal, personalbase og heildøgns omsorgstilbod. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp etter individuell vurdering.
Avdelinga har flinke fagfolk og utfordrande arbeidsoppgåver. Det blir nytta velferdsteknologi. Avdelinga har felles rapport i dei to etg. Den som blir tilsett må rekne med å arbeide i begge etasjene, dersom det er nødvendig for drifta.
Arbeidsoppgåver
Langtidsavdelinga
- Sjukepleieroppgåver som for eksempel praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar
- Samarbeid med andre faggrupper og pårørande
- Avdelinga skal endre fokus i retning av aktivitet og forebygging av inaktivitet.
- Den som blir tilsett må være pådrivar for å få i gang aktivitetar i avdelinga i samarbeid med andre faggrupper.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein autorisert sjukepleiar.
- Krav om politiattest for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du må være fleksibel og kunne arbeide i begge dei 2 etasjene.
- Gode faglege kunnskapar
- Stabile, pålitelege medarbeidarar som samarbeidar godt og har evne til å arbeide sjølvstendig.
- Arbeidet kan til tider vere tungt fysisk og den som blir tilsett må ha helse til å kunne utføre arbeidet i avdelinga.
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd.
Oppgi ønska avdeling i søknaden
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Stipendordning for sjukepleiarar/vernepleiarar
Kontaktinformasjon
Bente Mariann Strømmen, Avdelingsleiar langtidsavdelinga, 901 53 607, bente.mariann.strommen@sula.kommune.noArbeidsstad
Stadsnesvegen 236030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4713485797
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321353745
- Sist endret