Fagarbeidar i Høre barnehage - 100 % fast stilling
Vang Kommune
- Frist 17.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Høre barnehage har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar frå januar 2024.
Me søkjer etter ein fagarbeidar som brenn for barna si læring og trivsel! Satsingsområdet for barnehagane er "SmartOppvekst" med tankesett som bygger gode eigenskapar, styrkar og livsmeistring.
Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er ein to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i leik og aktivitetar
- Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
- Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis barne - og ungdomsarbeidar, men andre med relevant fagutdanning/fagbrev oppmodast også til å søkje
- Andre utan fagbrev, men med anna relevant utdanning/erfaring kan også søkje
- Fortrinnsvis med erfaring frå liknande arbeid/ arbeid med barn
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er opptatt av å skape gode relasjonar til barna, foreldre og kollegaer
- er strukturert og endringsvillig
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
Kontaktinformasjon
Heidi Lynge Kvale, Styrar Høre bhg, 46488746, Heidi.Lynge.Kvale@vang.kommune.noMarta Bjørnøy Lalim, Kommunalsjef for utdanning og kultur, 97756665, marta.bjornoy.lalim@vang.kommune.no
Arbeidsstad
Hørevegen 2702973 Ryfoss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vang KommuneReferansenr.: 4713485923
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321353557
- Sist endret