Miljøterapeut - Eining for habilitering/rehabilitering
Stranda kommune
- Frist 11.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best moglegfunksjons- el. meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 3 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP (rus og psykiatri)-tenester.
I heildøgnsbustad og ambulant team har vi ledig :
- 1x 100% fast stilling som miljøterapeut i langvakt (12,5 timar) ROP
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar,herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av helsetenester og samarbeid med fastlege og spesialisthelseteneste
- Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansette behov
- Utarbeiding og oppfølging av mål og tiltaksplanar for den enkelte brukar
- Sikre kvalitet i tenesteytinga
- Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
- Sakshandsaming
- Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar
- Eininga nyttar fagsystema Profil, Compilo og SamPro
- Delta aktivt i fagutvikling i eininga
Kvalifikasjonar
- Krav om bachelor innanfor helsefagleg og/eller- sosialfagleg høgskule/universitetsutdanning
- Vidareutdanning i rus og psykiatri er ønskjeleg men ikkje eit krav
- Erfaring frå arbeid med målgruppa er ønskjeleg
- Ein må kunne jobbe sjølvstendig samt ha gode evne til samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartarar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
- Førarkort kl. B og muligheit til å dispoenere eigen bil. Køyregodtgjersle etter Staten sitt regulativ.
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
- Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester
- Omgjengeleg og serviceinnstilt
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting
- Du er ein god rollemodell
- På grunn av brukargruppa vert menn oppmoda om å søkje på stillingane med langvakt døgn
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
- Ein arbeidsplass under endring og utvikling
- Muligheit til å påvirke eigen arbeidsdag
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Helene Rimstad, Einingsleiar, 46411059Espen Furset, Fagleiar, 46411075
Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4713396789
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321349113
- Sist endret