Lærar i realfag - 100% vikariat
Gjermundnes Vidaregåande Skule
- Frist 10.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søker etter
Ved Gjermundnes vidaregåande skule har vi ledig 100% vikariat som lærar frå og med 16.10.2023 til og med 31.07.2024. Det er ønskeleg med undervisningskompetanse i realfag. Undervisning i andre fag som skulen tilbyr kan også vere aktuelt.
No søker vi deg som både har rett kompetanse og som ønsker å bli vår kollega.
Som vår nye lærar vil du få følgjande arbeidsoppgåver
" undervisning i utdanningsprogram Naturbruk og Vg3 påbygg til generell
studiekompetanse
" samarbeid med andre lærarar, men også individuelt arbeid
" FYR-samarbeid
" må pårekne å måtte undervise i tilgrensande fag ved skulen
" andre oppgåver som høyrer til lærarrolla
Vi søker deg som
" har relevant faglig og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for
tilsetting som lærar i vidaregåande skule
" beherskar norsk språk godt, både skriftleg og muntleg
" har god digital kompetanse
" trivest i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging
" er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet
" har god evne til å samarbeide med tilsette, føresette og eksterne aktørar
" har sertifikat klasse BE
Vi tilbyr
" ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø
" ein allsidig arbeidsplass med dyktige medarbeidarar med brei kompetanse
" eit triveleg arbeidsmiljø med hyggelege elevar og kollegaer
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter tariff
Om skulen
Gjermundnes vidaaregående skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune.
Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allennfagleg påbygging. Skulen vår har dei siste åra hatt om lag 130 elevar. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.
Du finn meir informasjon om oss på gjermundnes.vgs.no. eller du kan søke oss opp på Facebook og Instagram.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321342385
- Sist endret