Psykologspesialist/psykolog
Døgnbehandling psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 27.10.2023
Vi har ledig 100 % fast stilling psykologspesialist/ psykolog ved generell døgnpost ved DPS Volda.
Ved Volda DPS er du invitert til å vere med i eit fagleg fellesskap der psykologspesialist/psykolog, psykiater, psykiatriske sjukepleiarar, fysioterapeut ,sosionom med fleire, utgjer ein behandlingsressurs for pasientar som blir behandla i døgnposten.
Døgnposten har totalt 12 døgnplassar, inkludert 2 brukarstyrte plassar og 1 AHT (Akutt heimebehandlings team) plass. Døgnposten utgreiier og behandlar menneske over 18 år med psykiatriske lidelsar. Vi har menneske med psykoselidelsar, alvorlege depresjonar, angsttilstandar og andre komorbide tilstandar.
Fokuset vårt er på fagutvikling og vi strebar etter å ha eit høgt fagleg nivå til beste for pasientane våre. Vi ønskjer deg inn i et godt og utviklande tverrfagleg arbeidsmiljø!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av menneske med psykiske lidelsar
- Tverrfagleg samarbeid intern og eksternt
- Bidra gjennom undervisning og fagleg utviklingsarbeid
- Bidra i inntaksvurderinger
- Delta i seksjonen sitt fagråd m.m
- Veiledning av personale og av psykolog i spesialisering
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/psykolog/universitetsutdanna
- Erfaring frå arbeid innan psykiatri
Personlege eigenskapar
- Evne til å samarbeide i tverrfagleg team
- Gode ferdigheiter innan kommunikasjon og samarbeid
- Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
- Positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Gode skriftlege og muntllege norsk-kunnskapar
- Personlege eigenskapar som passar stillinga og matching i team vil bli lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Rettleiing
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kim Damkjær Andersen, Seksjonsleder, +47 41233081, kim.damkjaer.andersen@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4698550004
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321337965
- Sist endret