Inaktiv
Sjukepleiar
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
- Frist 9.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Om stillinga
Vi har ledig eit vikariat som sjukepleiar i tredelt turnus ved senteret;
100% stilling i vikariat frå 01.11.2023 til 15.08.2024
Stillinga passer for deg som har eit ressursorientert fokus og som er interessert i å arbeide med tverrfagleg rehabilitering. Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi, rettleiing og undervisning som tilnærming i behandlinga.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet vil omfatte direkte pasientkontakt, individuelle samtaler og oppfølging, i tillegg til tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper.
Kvalifikasjoner:
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Interesse for å arbeide med barn vil vere ein fordel
- God munnleg og skriftelg framstillingsevne (norsk)
- Gjerne kompetanse eller erfaring innan psykiatri
Personlege eigenskaper:
- Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevne og evne til å arbeide tverrfagleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Det blir stilt krav om framlegging av politiattest før tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonellova § 20a.
Vi tilbyr:
- Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte
medarbeidarar. - Varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
- Senteret er stengt jul/nyttår
- Gode velferd- pensjon- og forsikringsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321324634
- Sist endret