Avdelingsleiar for tenestekoordinering
Herøy kommune, Sektor for helse og omsorg
- Frist 9.10.2023
- Ansettelsesform Fast
2. gongs utlysing.
Avdeling for tenestekoordinering er ei av fem avdelingar i sektor helse og omsorg, og er staben til kommunalsjefen.
Tenestekoordinering har som formål å bidra til heilskapeleg sakshandsaming for heile
sektoren, i tillegg til spesifikke støttefunksjonar og teknisk drift. I samarbeid med dei andre avdelingane
skal tenestekoordinering syte for at dei som oppheld seg i kommunen får naudsynte og koordinerte
tenester i samsvar med dei pliktar og rettar som lovverket gir.
Som avdelingsleiar i avdeling for tenestekoordinering vil du bli leiar for sju tilsette. Du vil også vere del av
kommunalsjefen si leiargruppe.
Arbeidstid er kvardagar 08-16. Stillinga er ledig frå 01.01.24.
Arbeidsoppgåver
- tildeling av helse- og omsorgstenester og kommunale bustadar, herunder også vederlag og
eigenbetaling - personal-, budsjett- og økonomiansvar
- aktiv deltakar i sakshandsaming og klagesaker til tilsynsorgan
- leiar for koordinerande eining
- ansvar for teknisk drift, saman med fagleiar
- ansvar for velferdsteknologiske løysingar i samråd med teknisk drift og sektoren
- ansvar for fleire tilskotsordningar og rapporteringar
- ansvar for system og støttefunksjonar, til dømes pasientjournalsystem og kvalitetssystem
- medlem i kommunen sitt psykososiale kriseteam
Kvalifikasjonar
Det er eit krav at du har helse- eller sosialfagleg bachelor. I tillegg må du ha vidareutdanning i helserett og/eller sakshandsaming.
Vi ønskjer ein avdelingsleiar som
- har vidareutdanning i leiing, eller er positiv til å ta vidareutdanning i leiing
- har erfaring frå sakshandsaming
- har god skriftleg framstillingevne
- er opptatt av klart språk
Herøy kommune har nynorsk som administrasjonssmål.
Personlege eigenskapar
- du har interesse for lov og avtaleverk
- du skapar gode relasjonar til dei rundt deg
- du er sjølvstendig og tør å ta ansvar
- du taklar utfordrande situasjonar
- du er effektiv, lærevillig og løysingsorientert
- du har god digital kompetanse og interesse for digitale løysingar
Vi tilbyr
- god opplæring
- eit herleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- deltaking i utviklingsarbeid i helse- og omsorgssektoren
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Gro-Anette Frøystad Voldsund, Kommunalsjef helse og omsorg, +47 90802649Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4712336820
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321300799
- Sist endret