Inaktiv
Ved Kyrkjebygda oppvekstsenter er det ledig 55% fast stilling som fagarbeidar/assistent på SFO
Nissedal kommune
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Fast
SFO ved Kyrkjebygda oppvekstsenter har flotte omgjevnadar med fotballbane, ballbinge, skatepark, aktivitetspark og ikkje minst flott natur. I tillegg er oppvekstsenteret nyleg blitt pussa opp, så her det moderne og triveleg å vere, både for barnehagebarn, elevar og tilsette.
Arbeidsoppgåver:
- Vere med på å danne gode SFO-dagar med trygge forutsigbare vaksne, aktivitet og meistring for alle barn
- Drive leksehjelp
- Aktivisere barn, og støtte barn i deira eigen aktivitet og leik
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ein kan også vurdere andre typar fagkompetanse og realkompetanse
- Kreativ i aktivitet med barn
- Aktiv -- gjerne erfaring frå barne- og ungdomsarbeid frå ditt nærmiljø
Personlege eigenskapar:
- Du er stabil, roleg og trygg vaksenperson
- Du er god til å byggje relasjonar
- Du har stort pågangsmot og innsatsvilje
- Du er lærevillig og har engasjement, og emne til å prøve nye ting
- Du er god til å kommunisere og samarbeide med andre
Anna:
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
- Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet.
Nærare opplysningar om stillinga ved Kyrkjebygda oppvekstsenter får du ved å kontakte rektor Even Holskar, mob. 473 01 017 eller på e-post til even.holskar@nissedal.kommune.no
Send søknad på elektronisk søknadsskjema -- ID 2023/1147
Søknadsfrist snarast råd og seinast innan 16.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321300724
- Sist endret