Inaktiv
Undervisningsstilling på fagskule i anleggsfag
Vestland fylkeskommune
- Frist 2.10.2023
Undervisningsstilling på fagskule i anleggsfag
Fagskulen Vestland, studiestad Voss, Vestland Fylkeskommune
Om stillingaAnleggsutdanninga ved Fagskulen Vestland, avd Voss, har ledig lærarstilling. Det er ei god og populær utdanning, med eit triveleg arbeidsmiljø. Studiet er nettbasert med samlingar, over 3 skuleår. Vi har 3 klassar som har 6 samlingsveker kvart skuleår. Fagskulen er lokalisert saman med Voss vgs i Skulestadmoen på Voss.
Arbeidsoppgåver
- undervise og rettleie fagskulestudentar på fysiske samlingar og via nett
- utvikle gode undervisningsopplegg og bidra i tverrfaglege prosjekt saman med dei andre faglærarane
- utvikle gode arbeidskrav og vurdering av desse
- halde deg oppdatert mot næringa
- sivilingeniør, ingeniør eller fagskuleingeniør innan anleggsfag eller konstruksjonsfag
- det er ønskjeleg med kunnskap om konstruksjonslære / statikk, samt betong og stålkonstruksjonar
- gode kommunikasjonsevner
- pedagogikk er ein fordel men ikkje eit krav. Det kan leggjast til rette for at dette kan tas ved siden av jobben
- Du likar tanken på å vere lærar på fagskule for vaksne studentar med fagbrev og allsidig praksis.
- Du har eit ønskje om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
- Du ser fordelen med prosjektbasert og studentaktiv læring.
- Du er glad i faget ditt og har evne til å engasjere deg. og samtidig engasjere andre.
- Du ønskjer å bidra til eit positivt arbeids- og læringsmiljø.
Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggjelege og engasjerte kollegaer. Du får høve til å delta i gode faglege diskusjonar og til å knytte gode kontaktar i det lokale næringslivet.
I tillegg får du fordelane med å vere tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår, forsikringar og gode pensjonsordningar.
For mer informasjon og for å søke på stillingen. Klikk på "Søk på stilling" knappen på denne siden.Annonseinformasjon
- FINN-kode 321292803
- Sist endret