Sjukepleiar/vernepleiar, 100% fast stilling
Gulen kommune
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved sone BBD frå snarast/etter avtale. Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Byrknes. Det kan ved behov vere aktuelt med arbeid i andre avdelingar. Det vert arbeid etter turnus, for tida inkl. 3. kvar helg. Vi er i gang med eit arbeid å vurdere andre arbeidstidsordningar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil verte tilpassa avhengig av om det er sjukepleiar eller vernepleiar som vert tilsett, men i utgangspunktet ligg fylgjande oppgåver til stillinga:
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte komme til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus, samt bonus på 100 000,- ved bindingstid på to år. Bonus vert utbetalt anten som eingongssum, eller ratevis gjennom dei to første åra - etter avtale. Vi har også innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321213810
- Sist endret