Radiograf vikariat
Radiologi Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 8.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Avdeling for radiologi, seksjon Molde, har ledig 2 x 100 % vikariat som radiograf i turnus. Stillingane er ledig frå snarast, med oppstart etter avtale med seksjonsleiar. Sluttdato for begge vikariata er 31.12.2024.
Vi er ca 58 medarbeidarar beståande av radiografar, radiologar, hjelpepleiarar og kontorpersonell som arbeider i eit spennande, utviklande og triveleg sjukehusmiljø med døgnkontinuerleg drift.
Vi utfører eit breitt spekter av undersøkingar og radiografane rullerer mellom desse. Vi har god dialog mellom alle profesjonane i avdelinga, i eit uformelt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi held til på Molde sjukehus, men skal i løpet av 2025 flytte til det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset.
Attestar/tenestebevis frå tildlegare arbeidsfohold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Røntgen, gjennomlysing og CT
Kvalifikasjonar
- Bachelor i radiografi
- Norsk autorisasjon som radiograf
Personlege eigenskapar
- Du medverkar aktivt i det gode, tverrfaglege arbeidsmiljøet vårt
- Du er fleksibel og bidreg der det er behov
- Du kan arbeide sjølvstendig men også i team
- Du er ein arbeidsvillig og ryddig person
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Eli Iren Sildnes, Seksjonsleiar, 71122441, eli.iren.sildnes@helse-mr.noArbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons vegNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4709934598
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321207359
- Sist endret