Ledige undervisningsstillingar ved Ulstein ungdomsskule!
Oppvekst og kulturetaten, Ulstein ungdomsskule
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ulstein kommune har fem grunnskular. Du kan lese meir om skulane her.
Vi er heldige som får lov å jobbe på Ulstein Ungdomsskule, med nær 60 tilsette er vi ein viktig arbeidsplass kor vi saman med elevar får legge tilrette for ein god læringsarena. I god dialog med foreldre legg vi grunnlaget for spennande møteplassar. Arbeid med ungdom er ein av dei viktigaste og mest spennande jobbane du kan gjere i kommunen. No har du ein unik sjanse til å bli med på laget!
Frå 1. januar 2024 har vi ledige lærarstillingar på Ulstein ungdomsskule:
• To faste stillingar
• Vikariat i perioden 01.01.24-31.07.24
For alle stillingane vert det stilt krav om politiattest av ny dato.
Arbeidsoppgåver
- Vi treng fleire tilsette med kompetanse innanfor norsk, engelsk, kunst- og handverk, naturfag, matematikk og spansk
- Planlegge og leie arbeidet med elevane si læring
- Sørge for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
- Samarbeid med føresette og faginstansar.
Kvalifikasjonar
- Lærarar som vert tilsette i skulen må oppfylle kompetansekrav for tilsetting, jf. forskrift til
opplæringslova, kapittel 14 - Lærarar som fyller krav til kompetanse for tilsetting, men som ikkje har 30/60 studiepoeng i norsk,
engelsk og matematikk for å undervise i høvesvis barne- og ungdomsskolen, må ta videreutdanning
innan 2025 for å få moglegheit til å undervise i desse faga
Personlege eigenskapar
Vi søker trygge og tydelege klasseleiarar med gode samarbeidsevner. Du må ha ønske om å delta i kollektive læringsprosessar og ha vilje til utvikling.
Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
- Eit utviklingsorientert, godt arbeidsmiljø
- Høve til å undervise med ny teknologi
Kontaktinformasjon
Trond Berg, Rektor, +47 91698807
Kristin Elisabeth Dimmen , Ass. rektor , +47 48017437
Arbeidsstad
Bakkegata 31
6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten
Referansenr.: 4710198830
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.01.2024
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321203146
- Sist endret