Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Allmennpsykiatrisk sengepost, Haugaland DPS, Helse Fonna HF
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Er du utdanna sjukepleiar og ynskjer ein givande jobb med varierte arbeidsoppgåver, så søkjer vi ny kollega i eit vikariat til Almennpsykiatrisk sengepost på Haugaland DPS.
Allmennpsykiatrisk sengepost har overlege i psykiatri, legar og psykologspesialist, samt fleire høgskuleutdanna og helsefagarbeiderar med vidareutdanning.
Vi er i dag to allmennpostar som samarbeidar og har samla sett 9 ordinære senger, 1 kriseseng, fleire brukarstyrte senger samt gruppebehandling i samarbeid med Allmennpoliklinikk. Den som tilsettes i stillinga må pårekne deltaking i gruppebehandling.
Haugaland DPS er ein del av helseføretaket Helse Fonna HF. Haugaland DPS har saman med Karmøy DPS ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestane i kommunane Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Karmøy, Etne, Sauda og Suldal. Samla innbyggartal er omlag 120 000. Haugaland DPS har ansvar for spesialisttilbodet til fengselshelsetenesta i Haugesund og Vindafjord kommune. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, FACT, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er knytta til allmennpsykiatrisk sengepost Nord (no i samarbeid med sengepost Sør)
- Vi arbeidar etter primærsjukepleieprinsippet, du vil derfor få ansvar for sjukepleiefaglig oppfølging av fleire pasientar og deira pårørande.
- Miljøterapi retta til pasientar med psykisk liding
- Nært samarbeid med aktuelle, eksterne instansar.
- Opplæring og rettleiing av studentar.
- Pasientundervisning i grupper og som miljøterapeutisk tiltak i sengepost
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Det er ynskjeleg med videreutdanning innan psykiatri eller rus
- Undervisningserfaring vil være ein fordel
- Førerkort klasse B (manuell gir)
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Personleg eigna og relevant erfaring blir vektlagt.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Må kunne fungere godt i eit til tider aktivt og travelt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Vi tilbyr
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
- Årsturnus
- Jevnleg internundervisning og moglegheit for deltaking i veiledningsgruppe.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kari Bjelland Wågen, Funksjonsleiar, 90062586Kari Sætre, Funksjonsleiar, 45299840
Arbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4712805936
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.01.2024
Sluttdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321195795
- Sist endret