Sjukepleiar med videreutdanning i geriatri
Medisinsk sengepost B Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 10.10.2023
Her er jobben til deg som vil vere med og bygge opp eit geriatrisk tilbod ved Medisinsk seksjon i Molde
Medisinsk sengepost B ved Molde sjukehus er ein sengepost med totalt 20 sengeplassar. Vi har pasientgruppene infeksjon, kardiologi og endokrinologi pr i dag. Nå bygger vi opp fagfeltet geriatri med 4 senger i avdelinga. Gjennom tverrfagleg teamarbeid ønsker vi å gi god og heilheitleg omsorg og behandling til eldre pasientar med samansette utfordringar.
Til oss kjem det både øyeblikkeleg hjelp og elektive pasientar.
Sengeposten er ein flott arbeidsplass med eit robust fagmiljø. Hos oss er det omsorgsfulle og engasjerte kollegaer med fokus på best mogleg pasientbehandling. Dette er ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og masse positiv energi. Det er arbeidsglede og godt humør som i stor grad pregar arbeidsmiljøet i seksjonen.
Turnusen er tredelt med arbeid kvar 3.helg, og det er eigne fagdagar i turnus. Ved interne rokkeringar kan andre stillingsstørrelsar verte ledige.
Våren 2025 flyttar vi inn i nytt sjukehus på Hjelset, SNR, som er det nye akuttsjukehuset for innbyggjarane på Nordmøre og i Romsdal.
Arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Legemiddelhandtering
- Stell, pleie og observasjon
- Gjere seg kjent med, og holde seg oppdatert på, sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningsliner
- Rettleiing til studentar
- Samhandling med kommunehelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskelig at du har videreutdanning i geriatri, men også andre kan søke.
- Gode skriftlege og muntlege norskkunnskap
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du er fleksibel, strukturert, fag- og løysningsorientert
- Du har evne til å jobbe i team og samarbeide med andre faggrupper/profesjonar
- Du medverkar til eit godt og humoristisk arbeidsmiljø
- Du har stor arbeidskapasitet og trivst i ein variert arbeidskvardag med periodevis høgt arbeidstempo
- Å vere personleg eigna vert vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Mette Malme, Seksjonsleder, +47 934 51373, Mette.Malme@helse-mr.noArbeidsstad
Molde sjukehus6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4710147348
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321188274
- Sist endret