Inaktiv
HR-leiar
Stab, Vanylven kommune
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Brenn du for HR-faget og ønskjer å vere med å utvikle dei tilsette og Vanylven kommune som organisasjon?
Vi har ledig 100% fast stilling som HR-leiar.
Som HR-leiar er du med på å vidareutvikle Vanylven kommune som kompetanseorganisasjon i åra som kjem. Du har ei sentral strategisk rolle der du inngår i kommunedirektøren si utvida leiargruppe, og du vil vere ein viktig støttespelar for kommunedirektøren, kommunalsjefane og mellomleiarane.
Som HR-leiar har du eit overordna fagansvar for "personalområdet". Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere rekrutteringar, rådgje leiarane i systematisk HMS-arbeid, sikre og utarbeide strategiske personalpolitiske dokument og administrere og halde kontakta med tillitsvalde og vernetenesta. I tillegg til dette vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med lønsforhandlingar og lønsoppgjer.
Vi ønsker deg som har god organisasjonsforståing og som er særleg opptatt av korleis HR kan understøtte kjerneverksemda. Dette er ei fagleg utfordrande, men spennande stilling i ein organisasjon med flinke tilsette.
Referansenr.: 4705116718
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2023

Arbeidsoppgåver
- Støtte til mellomleiarane si handsaming i tilsetting-, løn- og personalsaker.
- Bistand i sjukefråværsoppfølging og rådgjeving i lov- og avtaleverk.
- Planlegge og gi rådgjeving i systematisk HMS-arbeid.
- Administrere samarbeidet med tillitsvalde og vernetenesta.
- Sekretariat til ulike utval (m.a. IA, samhandlingsmøta, arbeidsmiljøutval).
- Gi råd og følgje opp tilsette si karriere- og kompetanseutvikling.
- Utvikle personalpolitiske mål og strategiar, og sikre personaladministrative rutinar.
- Lære opp og formidle personalpolitisk bodskap i større forsamlingar.
- Ansvar for kommunen sitt personalforvaltingssystem i Visma.
Andre arbeidsoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå. Særleg erfaring kan kompansere manglande utdanningskrav.
- Ønskeleg med bakgrunn frå strategisk og operativt arbeid innan fagområdet.
- Kjennskap om lov- og avtaleverk.
- Organisasjonsforståing og kjennskap til det kommunale tenesteapparatet.
- God forståing for ulike system
Personlege eigenskapar
- Du set deg raskt inn i nye område og løyser oppgåver på ein effektiv måte.
- Gode relasjonelle ferdigheiter i møte med leiarar, tillitsvalde og verneteneste.
- Strategisk, analytisk og evne til å levere på oppdrag frå kommunedirektøren.
- Du er sjølvstendig og trygg.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar vil verte særleg vektlagd.
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling med mulegheit for samfunnspåverknad.
- Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø.
- God pensjonsordning gjennom KLP.
- Nedskriving av studielån (maks kr 28 000,- pr. år).
- Etableringstilskot på kr 100 000,- ved bygging av ny bustad.
- Tilsetjing etter gjeldande lover og reglement.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Marte Saure, stabsleiar, 90027913, marte.saure@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4705116718
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321188168
- Sist endret