Me søkjer fleire sjukepleiarer/vernepleiarar til vårt nye team!
Haugaland DPS, Helse Fonna
- Frist 10.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Helse Fonna skal etablera ein poliklinikk for legemiddelassistert rehabilitering (LAR). LAR-poliklinikken vil vere ein del av Haugaland DPS og dra nytte av eit allereie etablert fagmiljø. Målsetjinga vår er å tilby eit omfattande og heilskapleg behandlingstilbod i samsvar med nasjonale retningslinjer.
Me søkjer etter deg som er sjukepleiar eller vernepleiar, og som ønskjer å arbeide saman med oss.
Som tilsett i den nye poliklinikken vår vil du jobbe i eit tverrfagleg team.
Stillingane er på dagtid med arbeid kvar 3. helg.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande i utlysingsperioden og tilsetjingar vil skje etter søknadsfrist.
Me har sett ein kort søknadsfrist, så vi oppmodar deg til å søkje allereie no!
Arbeidsoppgåver
- Du vil vere ein del av eit team og ha ansvar for pasientar i periodar med dårleg rusmeistring. Det inneber mellom anna kontroll og utdeling av LAR-medikasjon.
- Motiverande samtalar og eit tydeleg meistringsfokus.
- Samarbeid med ulike interne og eksterne instansar kan vere del av arbeidsoppgåvene.
- Vere med å utvikla tenesta
Kvalifikasjonar
- Du bør ha erfaring med målgruppa og vere kjent med tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
- Påkrevd kvalifikasjon som norsk autorisert godkjent sjukepleiar/vernepleiar
- Erfaring og vidareutdanning innan rus/psykiatri er ønskeleg men ikkje et krav.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Du er god på teamarbeid, men kan også jobbe sjølvstendig
- Evne til å stå i krevande situasjonar
- Du har gode kommunikasjonsevnar, skriftleg og munnleg
- God IT-kunnskap
- Du er strukturert og fleksibel
- Evne til å sette seg inn i og jobbe etter poliklinikken sine rutinar og praksis
- Evne til å ta eit kollektivt ansvar i poliklinikken for å løyse våre felles utfordringar
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Moglegheit til å påverke utviklinga av ein ny poliklinikk
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Diana Mari Heggen Lauritzen, Prosjektleder, 90075915/93007842, diana.mari.heggen.lauritzen@helse-fonna.noArbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4712762494
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 10.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321176211
- Sist endret