Sjukepleiar
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon raud
- Frist 9.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i avdeling for pleie- og omsorg, for tida ved seksjon raud. Stillinga er ledig frå dagens dato.
Arbeidstida er per no organisert i tredelt turnus, med arbeid to av seks helgar.
Stillinga er ei kombinasjonsstilling, der 80 % er knytt til arbeid ved seksjon raud og 20 % til bemanningsteam ytre.
Det er hovudvekt av nattevakter i turnus, desse ressursane er ved seksjon raud.
Seksjon raud er ein somatisk seksjon ved Herøy omsorgssenter som er lokalisert på Eggesbønes. Seksjonen har 20 pasientar.
Bemanningsteam ytre dekkjer behov for ekstra personell med fagkompetanse i ytre del av Herøy kommune. Dette omfattar Herøy omsorgssenter, med seksjon grøn, seksjon raud, seksjon blå og heimetenesta i ytre.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiefaglege oppgåverKvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- erfaring frå arbeid i sjukeheim kan vere ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- du likar faglege utfordringar
- du kan samarbeide godt i team
- du har fokus på heilskapleg pasientforløp
- du er strukturert, sjølvstendig og god til å prioritere arbeidsoppgåver
- du er løysingsorientert og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Godkjend politiattest må kunne leggjast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- fagdag i turnus kvar 6. veke
- BAT (bevegelig arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- IA-bedrift
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort
Kontaktinformasjon
Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5A6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4710722586
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321171308
- Sist endret