Tilkallingsvikar Omsorg og sjukeheim
Ørstaheimen
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Ved Ørstaheimen er det til ei kvar tid ledig stilling som tilkallingsvikar. Det er pr. d.d. størst behov ved avdelinga Bakketun. Bakketun er ei skjerma avdeling for demente med 16 plassar, fordelt på to grupper.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde einingsleiar. Tilsetting skjer fortløpande.
Kvalifikasjonar
- Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar, men helsefagleg eller sosialfagleg utdanning er ønskeleg
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
- Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.
Arbeidsvilkår : Dag/kveld inkl. helgar
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Kyrre Skavøy, Avdelingsleiar Bakketun, 481 23 801, kyrre.skavøy@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar omsorg og sjukeheim, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4709918698
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321158454
- Sist endret