Heimehjelp/ praktisk bistand
Tenesteområde Heimetenester
- Frist 10.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Heimetenestene i Ørsta sentrum har for perioden d.d.- 01.10.24 ledig 100 % vikarstilling som heimehjelp/ praktisk bistand.
I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Heimehjelp/praktisk bistand omfattar veiledning og praktisk hjelp i heimen, mellom anna reingjering, skifte sengetøy, klevask og handle daglegvare
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med arbeid frå liknade arbeid
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
- Du må ha førarkort klasse B
- Du må disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Tar initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til å kunne kommunisere med brukarane på ein god og forståeleg måte både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk som målform
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Det kan vere muleg fast tilsetting.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: Arbeid på dagtid.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdannng
Stillingskode 6572 assistent
Tilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Laila Bjørkedal, Avd.leiar, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar heimetenestene, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 246153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4707956548
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2023
Søknadsfrist: 10.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321158351
- Sist endret