Sjukepleiar
Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 8.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggjelege og engasjerte kollegaer.
Vi har ledig fast 80% stilling frå 01.01.2024
Ved interne rokkeringar kan óg andre stillingar bli ledige for tilsetting.
Medisinsk sengepost samarbeider tverrfagleg med tydleg fokus på best mogleg pasientbehandling og omsorg. Sengeposten tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar og er ein arbeidsplass som gir god breidde i kompetanse og erfaringar for deg som sjukepleiar.
Du finn Volda midt i det beste Noreg kan by på av fjell og fjord. Her kan du oppleve dei ville og vakre sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Her er også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til fagområda er ein fordel
- Gode norske språkkunnskapar skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Ansvarsbevisst
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
- Gode samarbeidseigenskapar
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Camilla Aam Nupen, Seksjonsleiar, 47617905Arbeidssted
Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4710664956
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321145018
- Sist endret