Sjukepleiar/Vernepleiar - 100% fast stilling
Bu og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Likar du å ta initiativ, ansvar og ha fokus på hverdagsmestring?
Vi er på utkikk etter deg som har brukaren i fokus, er positiv og som ønsker å vere ein del av et tverrfaglig miljø.
Kjenner du deg att i denne beskrivelsen? Då er du kanskje kollegaen vi er på utkikk etter!
Vi har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar eller sjukepleiar i turnus inkludert tredje kvar helg ved barne- og avlastingsbustad.
Ein meiningsfylt og kjekk jobb med varierte arbeidsoppgåver! Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeidstad er Bu- og rehabiliteringstenestene, per tida avdeling barne- og avlastningbustad.
Bu- og rehabiliteringstenestene i Sykkylven er ei eining som gir tenester til personar med samansette
behov.
Eininga består av eit dagsenter, 4 bufellesskap, avlastningsbustad, avlastningstiltak, støttekontakter og
rus- /psykiatritenesta. Eininga har 62 årsverk.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lagt ved den elektroniske søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast
for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf.
offentleglova § 25 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består av ulike omsorgsoppgåver og sjukepleiefagleg arbeid og ansvar knytt til brukars behov
- Vere primær eller sekundærkontakt med dei oppgåver som høyrer til dette
- Legemiddelhandtering
- Ansvar for at planar og og tiltak, prosedyrer og liknande vert utarbeida og opdaterte
- Bidra i opplæring, retteleiing av kollegaer og nytilsette
- Samarbeid med ulike innstansar
- Samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- Du har bestått 3-årig vernepleie eller sjukepleieutdanning og har autorisasjon
- Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Du kan forhalde deg til vedtak og tildelt tid, samstundes som du kan ta faglege vurderingar om
situasjonen krev det - Dersom du ikkje er kvalifisert kan relevant arbeidspraksis og erfaring verte vurdert for mellombels tilsetting for eitt år
- Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato jf. helse- og omsorgstenestelova
Personlege eigenskapar
- Du er positiv til andre, glad i å arbeide, og vektlegg å samarbeida godt med andre
- Du har eit personleg engasjement for brukergruppa
- Du kan arbeide sjølvstendig og målretta
- Du er løysingsorientert
- Du bidreg med ei positiv innstilling til eit godt og inkluderande arbeidmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagd
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låne- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbhet.bjordal@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4710978958
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 320580316
- Sist endret