Helseavdelinga 100 % vikariat som allmennlege
Seljord Helsesenter Allmenn Legeteneste
- Frist 6.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Seljord helsesenter
Vi er eit veldrive kommunalt helsesenter med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Vi har totalt 4010 pasientar delt på 6 lister. Vi har alle våre legeheimlar dekt, fastlønn, gode betingelsar og ganske overkommelege listelengder. Vi er eit primærhelseteamkontor, og er med i "Gode pasientforløp". Vi er brennande opptatt av fag og samhandling på tvers, med pasienten i fokus.
Helsesenteret har tre legar som er spesialistar i allmennmedisin og tre som er under spesialisering. Dette er den beste staden å vere om du har lyst til å prøve deg i allmennmedisin, og ein kjempesjanse for ein som vil ut og oppdage distrikts-Noreg!
Vi kan freiste med gode kollegaer, eit godt arbeidsmiljø og fast lønn på både legekontor og legevakt. Vi legg til rette for oppstart i spesialiteten allmennmedisin/ALIS. Legevakta er 10-delt med overkommeleg arbeidsbelastning. Om stillinga
Vi søker etter legevikar i 100% stilling grunna svangerskapspermisjon hos ein av våre faste legar.
Tilsetting etter avtale, varighet 1 år.
Kvalifikasjonskrav
• Godkjend utdanning som lege med norsk autorisasjon
• Erfaring frå kurativt arbeid
• Erfaring frå kommunehelseteneste eller anna offentleg helsearbeid
Vi tilbyr
• Løn etter Hovudtariffavtala
• Pensjon via KLP
• IA-bedrift
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kommuneoverlege Kine Jordbakke på telefon 95 92 68 44 eller e-postadresse kine.jordbakke@seljord.kommune.no eller med einingsleiar Eldbjørg Haugan på telefon 90 96 80 18 eller e-postadresse eldbjorg.haugan@seljord.kommune.no
Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjøn, kultur eller religion om å søke.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.
https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3820
Søknadsfrist 06.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 319751709
- Sist endret