100% stilling som sakshandsamar ved Eigedom
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Eigedom og miljø
- Frist
- 16.04.2023
Beskrivelse
Ledig fast stilling som Sakshandsamar - stillingsstorleik 100 %
Eigedom og miljø er organisatorisk er lagt under kommunalsjefsområde Teknikk og miljø.
Særtrekk ved eininga er at det er høgt tempo med mange ulike oppgåver og det er eit arbeidsmiljø der latter og gode kommentarar er eit gjennomgåande trekk.
Eigedomsforvaltninga sine hovudoppgåver kan oppsummerast slik:
Forvaltning av kommunens eigedomsportefølje, avtalar om kjøp/sal, utbyggingsavtalar, internkontroll, ansvar for rutinar, reglement, forskrifter, avtalar, merkantile oppgåver og risikostyring i tillegg til sakshandsaming og tilrettelegging for tverrsektoriell samhandling. FDV, internkontrollsystem, rapportering mot offentlege mynde, sakshandsaming, politiske sakar, miljøfokus, felles driftssystem/dataverktøy for andre intern brukarar i Ullensvang kommune, budsjettoppfølging og juridisk-kompetanse.
Arbeidsoppgåver:
- Forvaltning av kommunen sin eigedomsmasse
- Kjøp og sal av eigedommar
- Utarbeiding av avtalar
- Kontraksoppfølging/-regulering
- Oppfølging av leigeavtaler/festeavtalar
- Bistå eininga med juridiske avklaringar
- Rådgje ved spørsmål retta mot avtalar
- Svare på førespurnader/telefonar frå innbyggarar og andre
- Saman med andre finne eigna lokale til kommunale tenester
- Rådgje inn i arbeidsgruppa for utbyggingsavtalar.
Ynskte kvalifikasjonar:
- Master i juss eller rettsvitenskap, eigendomsforvaltar kompentanse eller anna relevant utdanning. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
- Gode digitale ferdigheiter
- Allsidig erfaring innafor fleire av kulepunkta nemnd under arbeidsoppgåver
- Brei praksis frå kommunal forvaltning på ulike områder
Personlege eigenskapar:
- Omgjengeleg og raus
- Ser på seg sjølv som viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Har erfaring i å samhandle med mennesker.
- Kunne sjå samanhengar mellom oppgåver i tid og kompleksitet
- Ha gjennomføringsevne/kraft
- Gode samarbeidsevner
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Spennande arbeid
- Lønn etter avtale
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- Sertifikat klasse B
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler, Rådgivning, Konsulent
- FINN-kode
- 296076820
- Sist endret
- 24. mars 2023 10:37