100% stilling som fast stilling som pedaogisk leiar i Hestavoll barnehage
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Hestavoll barnehage
- Frist
- 11.04.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ledig 100% stilling fast som pedagogisk leiar i Hestavoll barnehage
Ledige stillinger 100% fast som pedagogisk leiar frå medio august 2023 kan være mulig med tidligare start etter avtale.
Barnehagen har ledige pedagogisk leiarstillingar frå juni/ august 2023. Vi ynskjer deg som er engasjert i faget og vil vere med å utvikla det nye leiarteamet i barnehagen velkommen. Vi legg stor vekt på å bygga god relasjon i alle ledd og vareta eit inkluderande barnehagemiljø. Barnehagen har godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kollegaer.
Hestavoll barnehage held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Hestavoll har eit fleirkulturelt miljø, noko vi opplever som ein rikdom i kvardagen. Barnehagen har gjennom ei årrekke lagt vekt på kultur og kreativitet. Barnehagen har samarbeid med kulturarenaer og verksemder i nærmiljøet. Med eit nytt leiarteam i barnehagen blir det viktig å finna styrkar og ressursar som vi kan bygga vidare på, i samarbeidet om å vidareutvikla barnehagen.
Vi er stolte av å ha utarbeida ein intern språkplan der målet er å sikra eit systematisk og målretta språkmiljø i barnehagen for alle.
Barnehagen har tilgang til fleire fine naturområder som barn og voksne er glade for å nytta gjennom året.
Barnehagen har 3 avdelinger fordelt på 60 plasser.
Ynskjer du å komme som nytilflyttar til kommunen?
Kom og jobb hos oss!
Trenger du meir inspirasjon før du søker?
Arne Hjeltnes kan kanskje gi det lille ekstra du treng i denne introduksjonen til
ein internasjonal serie “People of the north” som blant anna er spilt inn i Odda.
Arne Hjeltnes spelar inn internasjonal TV-serie i Hardanger: – Folk kjem til å bli overraska
Kompetanse:
- Barnehagelærarutdanning eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25
- Barne-og ungdomsarbeider som har søkt desentralisert høgskoleutdanning som barnehagelærer til hausten vil bli vurdert
Hovudarbeidsoppgåver og medansvar for:
- Leia og planlegga det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
- Dokumentera og vurdera det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
- Medverke til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å gjere kvarandre gode.
- Systematisk og målretta arbeid i tråd med barnehageloven og rammeplan for barnehage.
- Medverke i utviklingsarbeid inkluderande barnehagemiljø.
Kvalifikasjonar:
- Barnehagelærer eller tilsvarende jf. barnehageloven §25.
- Interesse for faget.
- Erfaring med pedagogisk leiing verd verdsett.
- Evne til å arbeida målretta og systematisk.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskaper:
- Evne til å bygga gode relasjonar med barna
- Autoritativ; varm og tydeleg voksenstil
- Løysningsorientert
- Fleksibel med evne til å arbeide strukturert
- Godt humør og positiv innstilling
- Evne til god kommunikasjon
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Instrumetalkompetanse er ynskjeleg
Vi kan tilby:
- Eit interessant og godt arbeidsmiljø som legg vekt på inkludering, deling og samarbeid.
- Løn etter hovedtariffavtalen.
- Kommunen arbeider med gode lønns- og rekrutteringsavtaler som skal vere interessante og konkurransedyktige.
- Høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
- Ullensvang kommune har IA avtale (inkluderande arbeidsliv).
- Nyutdanna barnehagelærare får høve til å verta trygga i arbeidet gjennom støtte av ein mentor på arbeidsplassen.
Krav:
- Politiattest; ikkje eldre enn tre månadar
- Norsk kompetanse tilsvarende nivå B2
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 295946764
- Sist endret
- 23. mars 2023 02:05