100% stilling som vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut ved Tenesta for funskjonshemma, Eidesbrotet bofellesskap
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
- Frist
- 11.04.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Tenesta for funksjonshemma, Eidesbrotet bufellesskap 100% stillingar for vernepleiar/ sjukepleiar/ miljøterapeut Faste stillingar og vikariat
Eidesbrotet bufellesskap ligg i Odda, og er eit heildøgns butilbod for personar med ulikt hjelpebehov. Me har årsturnus, med mogelegheit for å påverke eiga arbeidstid. Vernepleiar/ sjukepleiar har langvakter på helg, og kvar 4. helg i turnus.
Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe med faglege utfordringar. Me yter tenester til 18 personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.
Me søkjer primært etter vernepleiar, men andre med helse- og sosialfagleg bakgrunn vert vurderte.
Hovudarbeidsoppgåver
● Målretta miljøarbeid
● Legemiddelhandtering
● Veiledningsansvar
● Samarbeid med pårørande
● Utarbeide og følge opp interne rutiner i samarbeid med leiar
Me ser etter deg som
● har gode samarbeidsevner og er fleksibel og positiv til endringar
● har positiv tilnærming og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet ● likar å vere i fysisk aktivitet
● Erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa vert tillagt stor vekt.
● Du må vere stabil og personleg skikka til stillinga.
● Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Me tilbyr:
● For vernepleiar/ sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tariffløn.
I tillegg rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette vernepleiarar og sjukepleiarar: - Etter 1 års teneste vert det utbetalt kr 30 000.-
- Etter 2 års teneste vert det på ny utbetalt kr. 30 000.-
Vi er behjelpelege med å skaffe/ leige husvære. Kommunen dekker kostnader inntil kr 7500 pr/mnd i husleige dei 3 første månadane.
● Ein spennande og lærerik jobb
● Opplæring og rettleiing
● Fagtid
● Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
● Lønn etter hovudtariffavtalen
● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
● Politiattest
Kontaktperson:
Konst avdelingsleiar Simona Jurkiene, 469 05 658, simona.jurkien@ullensvang.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 295570300
- Sist endret
- 20. mars 2023 02:05