Inaktiv
Konsulent kundesenter
- Arbeidsgiver
- Kartverket
- Frist
- 12.04.2023
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Frå sjø til land. Frå dei djupaste havbunner til verdsrommet heilt ytterst. Kartverket er Statens fagorgan for kart, geodata og informasjon om eigedom. Vår oppgåve er å byggja og vedlikehalde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land samt arbeida saman med kommunar, statlege organ og private aktørar. Vår jobb er å gjera det enkelt å samla, bearbeida og dele stadfesta informasjon.Vi har 13 kontorstader frå sør til nord samt eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.
Avdelinga i Ullensvang har ansvaret for kundesenteret til Kartverket og me treng hjelp i sommar. På kundesenteret er me dagleg i kontakt med ulike kundar og brukergrupper. Dei fleste vil prata med oss på telefonen, medan nokre tek kontakt via e-post eller nettprat. Me rettleier i tinglysingsaker, og hjelper den enkelte med informasjon om saker knytt til eigedom og elles det meste som me i Kartverket arbeider med.
I avdelinga er me 45 medarbeidarar som arbeider fast her, men gjennom ferieavviklinga treng me å ha eit godt team med vikarar som du også arbeider saman med.Vårt primære behov for hjelp er i tidsrommet juni til slutten av august. Det er derfor svært viktig at du skriv kva tidsrom du kan arbeide i.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
Ønsker du mer informasjon om stillingene, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Marita Århus 941 59 478
Om oss
Vi ynskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass der vi gjenspeglar mangfoldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løysa vårt samfunnsoppdrag. Vi ynskjer difor at alle kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av redusert funksjonsevne, innvandrarbakgrunn, hull i CV-en eller av ulike årsaker ikkje kan dokumentera ein samanhengande yrkeskarriere.
For at du skal bli vurdert som søkar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lesa meir om dette på http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Regelverket stiller krav til både verksemd og søkarar når det gjeld «positiv særbehandling ved jobbsøk i Staten».

- Arbeide på kundesenteret og svare på henvendelsar som kjem inn via telefon. Å svare på nettprat eller e-post kan også bli aktuelt
- Andre oppgåver kan også bli pålagt
Kvalifikasjonar
- Du må ha gjennomført vidaregåande skule og vera over 18 år. Det er ei ekstra føremon om du har starta på høgare utdanning
- Det er ynskjeleg med utdanningsløp frå juss, samfunnsfag eller anna relevant studieretning
- Det er ein fordel med erfaring frå tinglysing, eller anna relevant erfaring
- Du må ha god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må vera nøyaktig, grundig, pliktoppfyllande og fleksibel
- Du må ha gode samarbeidsevner
- Du må kunne arbeida effektivt og trivast i et til tider travelt miljø
Me tilbyr
- Løn som konsulent, kode 1065, kr 225,- pr. time
Ønsker du mer informasjon om stillingene, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Marita Århus 941 59 478
Om oss
Vi ynskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass der vi gjenspeglar mangfoldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løysa vårt samfunnsoppdrag. Vi ynskjer difor at alle kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av redusert funksjonsevne, innvandrarbakgrunn, hull i CV-en eller av ulike årsaker ikkje kan dokumentera ein samanhengande yrkeskarriere.
For at du skal bli vurdert som søkar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lesa meir om dette på http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Regelverket stiller krav til både verksemd og søkarar når det gjeld «positiv særbehandling ved jobbsøk i Staten».
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 12
- Sted
- 5780 Kinsarvik
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Kundeservice, Konsulent
- FINN-kode
- 295174525
- Sist endret
- 28. mars 2023 08:20