Konsulent - Odda vidaregåande skule
- Arbeidsgiver
- Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Konsulent - Odda vidaregåande skule
- Frist
- 31.03.2023
Beskrivelse
Konsulent
ODD - ODDA VGS, Vestland fylkeskommune
Odda vidaregåande skule ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gir svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement rundt i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på seks utdanningsprogram (BA, EL, HO, ID, ST, TP). Vi har eige avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen sin visjon er: Ein god stad å vera, ein god stad å læra.
Frå 1. august 2023 har skulen ledig stilling som konsulent tilknytta administrasjonen. Vi søkjer etter ein person med utdanning og praksis innanfor fagområda økonomi og administrasjon.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene til konsulenten er:
- Budsjettering, økonomistyring og kontroll.
- Personaladministrasjon, lønsarbeid og andre HR-relaterte oppgåver.
Innkjøp. - Skuleadministrative oppgåver.
- Bidra til servicefunksjonar for elevar, tilsette og eksterne brukarar.
- Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon.
- God digital kompetanse.
- Fordel med kjennskap til skuleadministrative system.
- Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig.
- Utviklingsorientert og fleksibel.
- Gode samarbeidsevner.
- Stor arbeidskapasitet og evne til å prioritere.
- Vilje og evne til administrativt endringsarbeid.
- Eit triveleg arbeidsmiljø og eit godt arbeidsfellesskap.
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfold og utvikling.
- Løn etter avtale og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
- Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på seks månader.
- Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
- Vi gjer merksam på at ifølgje $25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.
- Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Ledelse, Økonomi og regnskap
- FINN-kode
- 295145771
- Sist endret
- 22. mars 2023 05:35