Byggeleiar
- Arbeidsgiver
- INV - INFRASTRUKTUR OG VEG, Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Byggeleiar
- Frist
- 30.03.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på. På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller flaum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vedlikehald er oppgåvene mellom anna tinging og oppfølging av dekkelegging, vedlikehald og oppmerking. Vårt mål er å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg hovudansvar for gjennomføringa og oppfølging av driftskontrakt
- Delta i utarbeiding av konkurransegrunnlag
- Rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS
- Koordinere arbeidet med andre faggrupper
- Ha kontakt med andre myndigheiter
- Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
- Erfaring frå driftskontrakt
- Erfaring med kontraktsutlysing og oppfølging av kontraktar.
- Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå byggeleiing.
- God forståing av prosjekt.
- Gode kunnskapar i bruk av relevante IKT- verktøy.
- Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
- Evne til å samarbeide med og handtere grunneigarar, konsulentar, entreprenørar
- Gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar som kommunikasjon- og samarbeid vil bli vektlagt.
- Sjølvstendigheit og fleksibilitet er eigenskapar som er viktige i stillinga.
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte Mariann Kråkenes Jørgensen.
Anna informasjon
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.Stillingstittel vil bli tilpassa til utdanningsnivå. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Mariann Kråkenes Jørgensen, leiar, 95088763Arbeidsstad
Eitrheimsvegen 1605750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4635318477
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.03.2023
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eitrheimsvegen 160, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Ledelse, Prosjektledelse
- FINN-kode
- 295029022
- Sist endret
- 15. mars 2023 11:36