Kokk på Bessheim i Jotunheimen

Arbeidsgiver: As Bessheim Fjellstue
Stillingstittel: Kokk
Frist: 15.05.2023
Ansettelsesform: Sommer/Sesong

KOKK


Vil du vera med kjøkensjef Bjørn, Marit, Irene, Anniken, Olea, Aleksander og Elise å lage mat? Ein kokkemedarbeiderar starta med nye utfordringar, så vi ser oss om etter ein ny kokk, samt ein kjøkkenassistent for juni, juli, august og september 2023.


Bessheim ligg i Jotunheimen, rett ved fylkesveg 51 over Valdresflye. Dei fleste gjestane kjem hit for å gå tur eller å gå på ski, men mange besøkjer oss på grunn av maten også. Besseggen er eit viktig trekkplaster. Kan vera ein fordel å vera interessert i naturen; til dømes turgåing, fisking, jakt, friluftsliv mm,


Vi serverer tradisjonell norsk mat, og brukar mykje elg, hjort, rein og fjellaure. Vi lagar det meste av maten frå botnen av, og legg vekt på å servere heimelaga, norsk, god og nok mat. Vi er ikkje redde for å servere sjømat eller internasjonale rettar heller. Mange gjestar bur i fleire døgn, så variasjon er viktig. Vi har frokostbuffet kvar morgon, middagsservering frå ein a la carte meny frå 13.30 kvar dag og treretters meny eller middagsbuffet kvar kveld. Vi er godt innarbeidde, men prøver å vera opne for nye idear og impulsar på matfronten. Vi vil gjerne vidareutvikle kjøkenet vårt saman med nye medarbeidarar.


Ser for oss oppstart 6. juni og slutt ca 10. oktober. Det er ein god kjøkengjeng på 4-5 personar som vi allereie veit skal vera med oss neste sesong. Når det gjeld kjøkenassistentar så har vi behov frå midten av juni til sist i september. Matinteresserte skuleelevar og studentar kan godt søkje for sommarferien og hausthelgene. Det er ein fordel at vedkomande blir med i påska og nokre vårhelger også for å bli kjent.


Fast tilsetting kan vera aktuelt. Vi har sesong frå fyrst i februar til fyrst i oktober kvart år, med 2-3 veker stengt sist i mai/fyrst i juni. Det er alltid eit par veker med førebuingar før sesong og eit par veker med avslutning og skjering av elg- og hjortekjøt etter at vi stengjer. Er du fleksibel med arbeidsoppgåver sysselset vi rette vedkomande utover dette også.


Ungdommeleg og til tider hektisk miljø. Mange sommartilsette har vore med oss i fleire sesongar. Alle som arbeider her har kosten her og bur her.


Kan dette vera interessant for deg?


Helsing Bjørn og Kari, Bessheim


Tlf 61238913


E-post: post@bessheim.no

Sektor: Privat
Antall stillinger: 2
Sted: Sjodalsvegen 2977, 2683 Tessanden
FINN-kode: 289035245
Sist endret: 26. jan. 2023 08:00
,
,
,