Inaktiv

100% fast stilling som ernæringskokk Tokke helsesenter

Arbeidsgiver
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Stillingstittel
Kokk
Frist
17.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tokke helsesenter har eige og godt utstyrt institusjonskjøkken. Hos oss har vi fem faste stillingar. Det er no ledig ei 100% fast stilling som ernæringskokk frå mars 2023.


Kjøkkenet produserer heimelaga, næringsrik tradisjonsmat, supper og dessertar. Det blir servert 4 hovud måltid kvar dag, og i tillegg blir det servert mellommåltid. Maten frå kjøkkenet ved sjukeheimen er laga utifrå anbefalte retningslinjer frå Helsedirektoratet, og vi legg til rette for diettar og ulike typar ønskekost når bebuarane har behov for det.


Forutan mat til bebuarane, så produserer kjøkkenet mat til heimebuande og møtemat for kommunen.


Arbeidstida i stillinga er vekedagar mellom 07.00-15.00 og arbeid 3. kvar helg.


Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga med kjøkkensjef Solveig Oppebøen tlf. 35075200/35075503, me håper å høyre frå deg.


Arbeidsoppgåver


  • Produksjon av middag, lunsj, dessert og diettar
  • Ansvar for å følgje dei rutinar i IK-Matsystem som gjeld eige område
  • Bruke dataprogrammet AIVO

Kvalifikasjonar


  • Fagbrev som ernæringskokk, eller er under utdanning

Personlege eigenskapar


  • Effektiv
  • Sjølvstendig
  • Positiv
  • God på samarbeid

Me tilbyr


  • Konkurransedyktig løn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Introduksjonsprogram for nye tilsette
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no


Det elektroniske skjemaet skal fyllast ut så fullstendig som mogleg.


I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.


Søknadsfrist: 17. februar 2023.

Sektor
Offentlig
Sted
Storvegen 60, 3880 Dalen
FINN-kode
288983830
Sist endret
25. jan. 2023 12:00