Lærling i ernæringskokkfaget
Ålesund kommune har ledige stillingar som lærling i ernæringskokkfaget.
Det er ikkje avgjort kor læreplassane blir enno, men søkarar kan gjerne skrive i søknaden kor dei primært ønsker
læreplass. Læreplassane er ved institusjonskjøkken der ein arbeidar i turnus.
Ålesund kommune har 7 kjøkken spreidd i heile kommunen, Sandøy, Eidet, Skodje, Ørskog og Ålesund, og ein lærling hos oss vil kunne rullere mellom både kok-server og kok-kjøl kjøkken , og om det er geografiske ynskje kan vi legge til rette for det.
I søknaden ber vi deg gi opp følgjande informasjon:
- Referanse frå lærar vg2 kontaktinfo til lærar.
- Kopi av karakterprotokoll frå vg1
- Kopi av karakterprotokoll frå 1. termin – vg2
Arbeidsoppgåver
Ernæringskokkfaget omfattar produksjon av dagleg kosthald for mange menneske i tråd med myndigheitene sine råd om kosthald og regelverk. Faget handlar om tillaging av ernæringsriktig mat og spesialkost, om produksjon av helsefremjande og trygge måltid som bidreg til matomsorg og matopplevingar ved ulike institusjonar
Sentrale arbeidsoppgåver er:
- behandling av råvarer
- kostplanlegging og samansetning av ulike diettar
- produksjon og distribusjon av alle måltid i heildøgns kosthaldet
- produsere trygg mat og følgje kvalitetssystem
- mengde-, pris og næringsberekning av oppskrifter
- menyplanlegging for lengre periodar med omsyn til variasjon, råvaretilgang og mattradisjonane til
brukarane, og varebestilling - bruk og enkelt vedlikehald av maskiner og anna utstyr
- dokumentere opplæringa i olkweb
Kvalifikasjonar
- Bestått VG1 i restaurant og matfag og VG2 i kokk- og servitørfag.
- Løyve til å bu og arbeida i Noreg
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, kreativ og serviceinnstilt
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Arbeide sjølvstendig og strukturert
- Jobbe målretta og resultatorientert
- Lærevillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Lærekontrakt og arbeidsavtale i tråd med Opplæringslov og Arbeidsmiljølov
- Opplæring og faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
- Lønn i tråd med hovudtariffavtale. Ein lærling har ei fagarbeidarlønn fordelt på 2 år
- Varierte arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande læreplan og arbeidsinstruks
- Fagleg rettleiing av godkjende faglege leiarar og erfarne instruktørar
- Oppfølging, kurs og samlingar gjennom opplæringskontora
Kontaktinformasjon
Martine Eksund, Dagleg leiar SKO, 70 16 41 92Arbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 116002 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde OrganisasjonReferansenr.: 4604819744
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.03.2023