Utløpt

Spesialpedagog, 50% - 100% frå oktober 2017

Arbeidsgiver
Etne kommune
Stillingstittel
Spesialpedagog
Frist
07.05.2017
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med ETNE KOMMUNE

I Etne kommune er det fire barnehagar: Tre kommunale (Enge, Rygg og Skånevik) og ein privat (Småfolk).
Etne kommune har organisert spesialpedagogisk hjelp i barnehagane i ei kommunal ressursgruppe. Gruppa er sett saman av tre spesialpedagogar. Styrar i Skånevik barnehage har personalansvar og har faste møte med ressursgruppa.
Det er frå snarast ledig vikariat i 50% stilling fram til oktober 2017. Deretter vert vikariatet utvida til 100% i 12 mnd til 30.09.2018.

Arbeidsoppgåver
Spesialpedagog skal utføra spesialpedagogisk hjelp i barnehagane i Etne kommue. For tida er hovuddelen i Skånevik barnehage og noko i Rygg barnehage. Den som vert tilsett må vera viljug til å kunna arbeida i alle barnehagane alt etter kva kompetanse den som vert tilsett har og ut frå behov i barnehagane. Arbeidet vil vera delt mellom spesialpedagogisk hjelp etter vedtak og generell styrking. Noko av arbeidstida vil vera sett av til felles arbeid, møtetid m.m. Ressursgruppa har fast møtetid 1/2 dag pr veke.

Ønska kompetanse
Krav om utdanning som barnehagelærar med minst 30 stp vidareutdanning i spesialpedagogikk retta mot arbeid i barnehage. Det er ein føremon med røynsle frå tilsvarande arbeid.

Personlege eigenskapar
Det er ynskje om:
- har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- er løysings- og handlingsorientert
- evne til god munnleg og skriftleg framstilling 

Anna
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Den som blir tilsett må ha sertifikat, klasse B.
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativtuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen.

Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000.
Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Om arbeidsgiveren

Etne kommune har ca 4040 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Administrasjonen er organisert etter tonivåmodellen, med 10 resultateiningar i tillegg til stabs-, støtte- og rådgjevarfunksjonar. Kommunen har ca 270 årsverk/370 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torhild Molland
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
97 98 01 15
Kontaktperson
Hilde Aartun Haraldseide
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
97 16 40 75
Følg firma
20 følger dette firmaet

Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Annonseinformasjon

FINN-kode 95106956
Sist endret 9. mai 2017 00:55

Rapporter annonse