Utløpt

Førsteamanuensis i matematikk i barnehagelærarutdanninga

Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Stillingstittel
Førsteamanuensis i matematikk
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

30.04.2017

Universitetet i Stavanger har ledig fast 50% stilling som førsteamanuensis i matematikk ved Det humanistiske fakultet, Institutt for barnehagelærarutdanning. Studieåret 2017/18 kan stillinga aukast midlertidig til 85%. Stillinga er ledig frå 01.08.2017

Fagområdet for stillinga er matematikk i barnehagelærarutdanninga.

Arbeidsoppgåvene vil vere forsking, rettleiing, undervisning og eksamensarbeid relatert til det aktuelle fagområdet, samt administrative oppgåver.

Den som blir tilsett må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor fagområdet. I tillegg til vitskapelege kvalifikasjonar vil det bli lagt vekt på relevant yrkespraksis frå barnehage, skole eller høgare utdanning. Kvalifikasjonar innanfor nyskaping, innovasjon og kommersialisering av forsking vert vektlagt.

Den som blir tilsett må også kunne dokumentere pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, eller ta imot tilbod om universitetspedagogisk kurs i løpet av ein periode på to år frå tiltreding. Søknaden bør innehalde en refleksjon over egen undervisningskompetanse. Bruk av varierte undervisningsmetodar et eit satsingsområde ved universitetet. Den som blir tilsett må vere innstilt på å ta i bruk ulike metodar og ulike digitale læringsressursar. Førsteamanuensis skal det første året delta på NyTi, som er universitetets rettleiings- og integreringsprogram for nytilsette som skal undervise.

Undervisningsspråket vil normalt vere norsk. Den som blir tilsett, må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg, eller tileigne seg denne kompetansen i løpet av ein periode på to år. Den som blir tilsett, må òg vere førebudd på å gje undervisning på engelsk.

Dersom det ikkje melder seg fullt ut kvalifiserte søkarar, kan det bli aktuelt å tilsetje mellombels for inntil tre år med sikte på kvalifisering og fast tilsetting. Søkaren må vurderast å ha føresetnad for å skaffe seg dei naudsynte kvalifikasjonane i løpet av tilsettingsperioden.

Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ, l.pl 17.510, kode 1011, LR 24, kr 500.000 - 600.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønnsplassering bli vurdert.

Stillinga gjev automatisk medlemskap i Statens Pensjonskasse, som sikrar gode pensjonsrettar. Medlemmar kan søkje bustadlån til gunstige vilkår.

Stillingsomtala gjer nærare greie for fag- og ansvarsområde, arbeidsoppgåver, kvalifikasjonskrav og andre tilhøve som vil bli vektlagde ved tilsetjing.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Rudy Garred, tlf 51833539, epost rudy.garred@uis.no . Opplysningar om tilsetjingsprosessen kan ein få ved å vende seg til HR-rådgjevar Grete Marnburg, tlf 51833545, epost grete.marnburg@uis.no.

Du må registrera søknaden i eit elektronisk skjema på jobbnorge.no. Relevant utdanning og erfaring skal registrerast i skjemaet. Vitnemål, attestar, publikasjonsliste, inntil 15 publikasjonar og ev annan dokumentasjon som du ønskjer det skal takast omsyn, ber vi deg laste opp som vedlegg til søknaden i separate filer. Dersom vedlegga overskrir 15 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

 

Stillingsomtale

Tilsetting gjeld generelt ved Universitetet i Stavanger. Organisatorisk er stillinga knytt til Det humanistiske fakultetet, Institutt for barnehagelærarutdanning.

Fagområdet for stillinga er matematikk i barnehagelærarutdanninga. Stillinga kan bli tillagt undervisningsoppgåver i alle emnene der matematikk inngår. Dette omfattar emner på bachelor- og masternivå. Stillinga kan og bli tillagt undervisning i fordjupingsemner og i nettbaserte emner. Ein del av arbeidsoppgåvene er knytt til studentane sine praksisperiodar. Matematikk inngår i kunnskapsområdet Språk, tekst og matematikk saman med faget norsk.

Den som blir tilsett, skal saman med det vitskaplege personalet forske og bidra i utviklinga av forskingsmiljøet ved UiS. Stillingsinnehavaren skal gje undervisning, rettleiing og delta i eksamensarbeid innanfor utlyst fagområde, samt ta på seg administrative oppgåver. Det blir forventa at den som blir tilsett, støtter opp om og deltek i all aktivitet ved fakultetet og kan ta på seg oppgåver på tvers av institutt og fakultetsgrenser.

Universitetet legger vekt på god undervisningskvalitet og krev at den som skal ivareta undervisning har pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning. Pedagogisk kompetanse kan dokumenteras med vitnemål/kursbevis frå relevant formell pedagogisk utdanning knytt til høgare utdanning. Didaktisk kompetanse dokumenteras i form av variert didaktisk arbeid i høgare utdanning. Retningslinjer for vurdering av undervisningskompetanse kan ein få ved å vende seg til fakultetet.

Søkarane vil bli bedømde av ein sakkunnig komité på bakgrunn av innsendt materiale. Hovudvekta i den sakkunnige vurderinga blir lagd på bedømming av dei innleverte vitskaplege arbeida og undervisnings-kompetanse. Erfaring frå popularisering/formidlingsverksemd, fagpolitisk og fagadministrativt arbeid og ev andre dokumenterte kvalifikasjonar med relevans for stillinga kan også bli tillagd vekt.

Opplysningar og materiale som det skal takast omsyn til i den sakkunnige vurderinga, må vere registrert innan søknadsfristen. Eventuelle referansar skal det informerast om i søknaden eller på førespurnad.

Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju og prøveforelesing før det blir gitt endeleg innstilling. I den samla vurderinga av søkarane vil òg personlege eigenskapar bli lagt vekt på.

Førsteamanuensis i fast stilling kan, etter nærare fastsette reglar, søkje om kvalifikasjonsopprykk til professor.

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 11.000 studentar og 1.600 tilsette. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Institutt for barnehagelærarutdanning, som er ein del av Det humanistiske fakultet, har ansvar for barnehagelærarutdanning (bachelor), mastergradsutdanning i barnehagevitskap, medansvar for doktorgradsutdanning  samt etter- og vidareutdanningsverksemd for barnehagelærarar. Instituttet har og ansvar for eit halvårleg studieprogram for utvekslingsstudentar, Comparative Educational Studies. Visjonen til instituttet er å vere nyskapande og innovative på forsking og undervisning innanfor barnehagefeltet. Verksemda ved instituttet skal pregast av kvalitetar og verdiar knytt til barnehagefeltet, som openheit og interesse, utforskingstrong og læring, leik og kreativitet, relasjonar prega av ansvar og respekt, samt eit tydeleg samfunnsengasjement. Instituttet skal utdanne kompetente, motiverte og samfunnsengasjerte barnehagelærarar. Det er i dag 60 tilsette og 700 studentar ved instituttet.

Sektor
Offentlig
Sted
Ullandhaug
4036 Stavanger
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Undervisning og pedagogikk

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 93936527

Sist endret: 5. apr 2017 09:49

Følg firma
324 følger dette firmaet

Ullandhaug, 4036 Stavanger

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 93936527

Sist endret: 5. apr 2017 09:49