Utløpt

Ferievikar sommaren 2017

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Ferievikar sommaren 2017
Sted
Jæren
Frist
Frist utløpt
Varighet
Sommer/Sesong

Beskrivelse: Ferievikarar innafor tenesteområda helse og sosial, samt drift og vedlikehald:

Kan du tenke deg å arbeide som ferievikar?

I perioden medio juni - medio august 2017 har vi bruk for ferievikarar for sjukepleiar, vernepleiar, fagarbeidar i helse, aktivitør, barne-og ungdomsarbeidar, assistent, sjåfør for matombringing, reinhaldar m.m. innan følgjande:

Fengselshelsetenesta, Hå sjukeheim, Klokkarhagen sjukeheim, velferdsenter for eldre, heimesjukepleie/heimehjelpstenesta, psykiatritenesta, omsorgsbustader for menneske med utviklingshemming, barnebustad, sommaravlasting for barn, reinhald, kjøkken og vaskeri.

Søkjarar som kan arbeide heile ferien og er over 18 år vert prioritert. Oppgje kvar du ønskjer å arbeide, samt tidspunkt du kan vere ferievikar.

For sjukepleie-/vernepleiestudentar gis ekstra lønsplassering. Denne gruppa kan i tillegg søkje stipend ved å arbeide 10 helgevakter pr.år, samt arbeide inntil 100% stilling som erievikar i min. 4 veker i hovedferien. Nærare opplysingar om denne ordninga, samt spørsmål om ferievikar, kan du få ved å kontakte personalkontoret tlf. 51 793083.

Politiattest: Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.

Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida.

Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.


 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.

Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
75
Sted
Lyngvegen 14,
4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Rapportér annonse

FINN-kode
89263067
Sist endret
18. jan 2017 11:26

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingrid Odland
Stillingstittel
konsulent
Telefon
51 79 30 83
Følg firma
120 følger dette firmaet

Lyngvegen 14, 4365 Nærbø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
89263067
Sist endret
18. jan 2017 11:26