Utløpt

"ALLE MED I HÅ"

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Prosjektleder
Sted
Varhaug
Frist
Frist utløpt
Varighet
Engasjement

Innafor tenesteområdet opplæring og kultur er det ledig eit 50% engasjement, som prosjektansvarleg skuleåret 2017-2018, i prosjektet "ALLE MED I HÅ frå og med 01.08.2017.

Målet med prosjektet er at alle barn i innvandrarfamiliar i kommunen skal delta i minst ein fritidsaktivitet. Ved å delta i ein fritidsaktivitet vil desse barna lære seg norsk raskare, og dermed bli raskare inkludert. For å få dette til, kallar kvar skule  inn barna og deira familie til samtalar der dei vert kjende med lokalmiljøet og dei ulike laga og foreiningane som fins.

ALLEMED  www.allemed.no  -  er eit verkty som er utvikla av Nasjonal dugnad mot utanforskap og fattigdom blant barn og unge (NDFU). Verktyet skal gjere det lettare å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitetar, uavhengig av familien sin økonomi. Målgruppa er barn, unge og familiar med fleirkulturell bakgrunn og innteksfattige familiar.Målet er at alle lag og organisasjonar. Hå kommune skal få kjennskap til verktøyet og kunne ta det i bruk. Den som vert tilsett må difor jobbe i tett dialog med lag og organisasjonar.

Kommunen har fått statleg støtte til ei prosjektstilling i 50%. Stillinga vert lagt under kommunalsjef for Opplæring og kultur. Etter at prosjektperioden er over, er det oppvekstkoordinator (SLT) og idrettskonsulent som er ansvarlege for å vidareføre arbeidet.

Arbeidsoppgåver:
- Prosjektansvarleg skal ta kontakt med lag og organisasjonar for å introdusere ALLEMED og gjere dei kjende med prosjektet ALLEMED i Hå kommune
- Prosjektansvarleg har som hovudoppgåve å gje skulane den kompetansen som trengs for å lukkast med dette arbeidet
- Prosjektansvarleg skal vere med å arrangere samlingar som Teamdugnad og Stordugnad etter opplegg frå ALLEMEDfor lag og organisasjonar
- Prosjektansvarleg skal sørge for at alle barnehagar, skular, lag og organisasjonar er kjende med Plan for barnefattigdom i Hå kommune
- Prosjektansvarleg skal utarbeide rutinar, retningsliner, materiell, system og malar som skulane skal kunne nytte. Når prosjektperioden er over skal desse rutinane og systema vere etablert i kommunen


Vi ønskjer ein prosjektansvarleg som:

- er tydeleg og ryddig
- er innstilt på samarbeid og som har evne til å jobbe sjølvstendig
- er fleksibel og har godt humør
- er engasjert, kreativ og løysingsorientert
- er ryddig i skriftleg arbeid
- har innsikt i fleirkulturelt arbeid
- har kjennskap til skulen som organisasjon
- har erfaring med og god kjennskap til frivillig arbeid

Fleksibel arbeidstid. Noko kveldsarbeid må reknast med. Arbeidsstad vert Hå Rådhus.


Politiattest nyare enn 3 månader må leverast til tiltredelse i stilling. Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover,
reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.


Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det. Referansar må førast opp i søknaden.

Om arbeidsgiveren

Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.

Omfang
Deltid
Tiltredelse
01.08.2017
Sektor
Offentlig
Sted
RÅDHUSGATA 8,
4360 Varhaug
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Rapportér annonse

FINN-kode
89261154
Sist endret
18. jan 2017 10:49

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johanne Erfjord
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
51 79 30 80
Følg firma
120 følger dette firmaet

RÅDHUSGATA 8, 4360 Varhaug

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
89261154
Sist endret
18. jan 2017 10:49