Utløpt

Ledige helgestillingar ved Hå sjukeheim

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Helgestillinger
Sted
Jæren
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Beskrivelse: Innafor tenesteområdet helse og sosial, ved Hå sjukeheim buavdeling for eldre, samt buavdeling for eldre psykisk
utviklingshemma, er følgjande stillingar ledige:

Buavdeling 3. etg.:
3. kvar helg turnus for fagarbeidar i helse/sjukepleiestudent.

Buavdeling 4. etg. for eldre psykisk utviklingshemma:
3. kvar helg turnus for miljøterapeut. Vernepleie-/sjukepleiestudent kan søkje.
3. kvar helg turnus for fagarbeidar i helse.

Kvalifikasjoner: Utdanna fagarbeidar i helse (hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, helsefagarbeidar), utdanna vernepleiar, vernepleiestudent/sjukepleiestudent, beherske norsk skriftleg og muntleg, kunne arbeide sjølvstendig og målretta, ha grunnleggjande datakunnskap. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Brit Jorunn Waldeland, mob. 41532741.

For sjukepleie- og vernepleiestudentar gis ekstra lønsplassering. Denne gruppa kan i tillegg søkje stipend ved å
arbeide 10 helgevakter pr. år, samt arbeide i 100% stilling i min. 4 veker i sommarferien. For meir opplysingar, ta
kontakt med personalkontoret, tlf. 51 793083.

Politiattest: Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.

Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover,
reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida.
Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling.Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.


 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.

Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Lyngvegen 14,
4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Rapportér annonse

FINN-kode
89258597
Sist endret
18. jan 2017 09:51

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Brit Jorunn Waldeland
Stillingstittel
Leiar
Følg firma
120 følger dette firmaet

Lyngvegen 14, 4365 Nærbø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
89258597
Sist endret
18. jan 2017 09:51