Vi treng ein saksbehandlar i barneverntenesta
- Arbeidsgiver
- Os kommune
- Stillingstittel
- Saksbehandlar
- Frist
- 29.01.2017
- Ansettelsesform
- Fast
Vil du gi barn og unge i Os ein trygg oppvekst? Éin av våre medarbeidarar går over i ei anna stilling, og vi treng ein
saksbehandlar i fast 80-prosentsstilling (moglegheit for 100-prosentsstilling ut 2017) med arbeidsstad i rådhuset på
Osøyro.
Arbeidsstad
Rådhuset
Arbeidsoppgåver
Saksbehandling etter barnevernlova: Følge opp barn og deira familiar, undersøke omsorgsforhold, jobbe med
hjelpetiltak i og utanfor familien mellom anna. Du kjem til å samarbeide med andre instansar.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- minimum treårig sosialfagleg og/eller anna relevant, høgare utdanning
Vi ønsker at du også har:
- erfaring frå barnevernsarbeid, arbeid med barn og vaksne
- evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team
- evne til å sjå moglegheiter og tenke nytt til det beste for dei vi hjelper
- evne til å vise omsorg for barn og unge, og sjå dei som enkeltmenneske med integritet og verdi
- forståing for barneverntenesta sine målsettingar og utfordringar
- erfaring frå offentleg forvaltning, tverrfagleg samarbeid og bruk digitale arbeidsverktøy
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn om å søkje.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Torggata 7, 5202 Os
- Bransje
- Barn, skole og undervisning,
- Offentlig administrasjon,
- Annet
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler,
- Sosionom,
- Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
sosialkurator, sosionom, saksbehandlar
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Linda Hevrøy
- Stillingstittel
- Barnevernsleiar
- Telefon
- 97 15 69 89
Torggata 7, 5202 Os