Utløpt

Sjukepleiar, sjukepleiestudent, ekstrahjelp ved rehab. Hå sjukeheim

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar, sjukepleiestudent, ekstrahjelp
Frist
02.01.2017
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse:
Tenesteområdet helse og sosial:

Rehabiliteringsavdelinga har 16 korttidsplassar fordelt på rehabilitering, øyeblikkeleg hjelp og lindrande omsorg.

Avdelingsa samhandlar med SUS og åpen omsorg, samt har eit tett samarbeid med avdelingsleger, ergoterapeut og fysioterapeut.

Avdelinga har ft. ledig følgjande stillingar:

52,8% stilling turnus inkl. 3. kvar helg. Fast stilling.

Helgestilling for sjukepleiar/sjukepleiestudent. Fast stilling.

I tillegg har vi bruk for ekstrahjelp/vikar for sjukepleiar og fagarbeidar som kan møte på kort varsel i samband med sjukdom, permisjon o.l.

Kvalifikasjoner: Utdanna sjukepleiar med norsk autorisasjon, beherske norsk skriftleg og muntleg, kunne arbeide sjølvstendig og målretta, er fleksibel med evne til å takle ein varierande og utforutsigbar kvardag,  ha grunnleggjande datakunnskap, eller vere villig til å lære dette, positiv med engasjment i sjukepleieyrket.

Erfaring frå rehabiliteringsarbeid, samt personlege eigenskapar vert vektlagt.

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Mildrid Hobberstad, mob. 41532757.

For sjukepleiestudent gis ekstra lønsplassering. Denne gruppa kan i tillegg søkje stipend ved å arbeide 10 helgevakter pr. år, samt vere ferievikar i 100% stilling min. 4 veker i hovedferien etter kvart studieår. Stipendet er ft. kr. 20.000 pr. studieår (3 år). Dersom du ønskjer meir opplysingar om denne ordninga, kan du ta kontakt med personalkontoret, tlf. 51 793083.

Tilsetjingsvilkår:
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad kan sendast:
Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.


 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
LYNGVEGEN 14, 4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mildrid Hobberstad
Stillingstittel
Leiar
Følg firma
200 følger dette firmaet

LYNGVEGEN 14, 4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 87330998
Sist endret 7. des. 2016 07:47

Rapporter annonse