Utløpt

Miljøarbeidar og helgestilling, omsorgsbustad Nærbø

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Miljøarbeidar og helgestilling
Sted
Jæren
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Beskrivelse: Innafor tenesteområdet helse og sosial, ved omsorgsbustad, Viervegen, Nærbø, er følgjande stillingar ledige:

54% stilling turnus inkl. 2. kvar helg

Helgestilling med arbeid 2. kvar helg

Det gis ekstra løn med kr. 10.000 pr år i heil stilling for arbeid med brukarane ved Viervegen.

Kvalifikasjoner: Utdanna fagarbeidar i helse (hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, helsefagarbeidar) med norsk autorisasjon, beherske norsk skriftleg og muntleg, kunne arbeide sjølvstendig og målretta, vere fleksibel og samarbeidsvillig, ha grunnleggjande datakunnskap.

Det er ønskjeleg med førarkort for bil (54% st.). Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Ufaglærte med relevant praksis og studenter kan søkje helgestillinga. Grunna brukarane, oppfordrar vi menn til å søkje denne.

For sjukepleie- og vernepleiestudentar gis ekstra lønsplassering. Denne gruppa kan i tillegg søkje stipend ved å arbeide 10 helgevakter pr. studieår, samt vere ferievikar 4 veker i hovedferien i full stilling stilling. Stipendet er ft. kr. 20.000 pr. studieår (3 år).

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Tove Merete Vorland, tlf. 51 434460 eller mobil 99214931.

Politiattest: Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.

Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover,
reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida.
Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling.
Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.


 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.

Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Viervegen 8,
4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Rapportér annonse

FINN-kode
86862612
Sist endret
28. nov 2016 07:17

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tove Merete Vorland
Stillingstittel
Leiar
Følg firma
120 følger dette firmaet

Viervegen 8, 4365 Nærbø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
86862612
Sist endret
28. nov 2016 07:17