Utløpt

Helgestillinger omsorgsbustader Varhaug og Vigrestad

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Helgestillinger omsorgsbustader
Frist
09.11.2016
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse: Innafor tenesteområdet helse og sosial, er følgjande stillingar ledige:

Omsorgsbustader, Gjegnet 3, Vigrestad: Faste helgestillinger med arbeid 3. kvar helg turnus.

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Henriette Mjåtveit, mobil 90739510.

Omsorgsbustader, Ævestvollmarka, Varhaug: Faste helgestillinger med arbeid 3. kvar helg turnus. Nyoppretta.

Om arbeidsplassen: Ved Ævestvollmarka omsorgsbustader på Varhaug bur brukarar med forskjellige hjelpebehov.

Ævestvollmarka består av 5 leigligheter og ein barnebustad. I tillegg til å yta bistand til daglege gjeremål, har personalgruppa fokus på at brukarane skal ha ei meiningsfylt fritid gjennom aktivitet som er tilpassa den enkelte.

Me ynskjer ein fleksibel og samarbeidsvillig person med på laget, gjerne med erfaring frå brukargruppa. Det er viktig at du kan arbeida sjølvstendig og i saman med andre samarbeidspartnarar.

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Marianne Sæland, mobil 91727175.

Kvalifikasjoner: Utdanna helsefagarbeidar med norsk autorisasjon, beherske norsk skriftleg og muntleg, kunne arbeide sjølvstendig og målretta, vere fleksibel og samarbeidsvillig, ha grunnleggjande datakunnskap eller vere villig til å lære dette, ønskjeleg med førarkort for bil, personlege eigenskapar vert vektlagt.

Studentar/elevar innan helsefagleg utdanning kan søkje, samt ufaglærte med erfaring frå tilsvarande arbeid. Dette kan kompensera for manglande utdanning.

Ver venleg og oppgje kva stilling du søkjar.

Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.

Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Politiattest: Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.

 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
ÆVESTVOLLMARKA 20 D, 4360 Varhaug
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Sæland
Stillingstittel
Leiar
Telefon
91 72 71 75
Kontaktperson
Henriette Mjåtveit
Stillingstittel
leiar
Følg firma
202 følger dette firmaet

ÆVESTVOLLMARKA 20 D, 4360 Varhaug

Annonseinformasjon

FINN-kode 84879968
Sist endret 24. okt. 2016 12:36

Rapporter annonse